Varsling av kritikkverdige forhold
Å varsle er å sei i frå om kritikkverdige forhold til nokon som kan gjere noko med det. Det kan vere brot på lover, reglar eller etiske retningslinjer. Varslingsordninga skal gjere det enkelt og trygt å varsle om korrupsjon, dårleg framferd og lovbrot i, eller mot kommunen.
Alle kan varsle om kritikkverdige forhold i Sula kommune. Om du er tilsett i Sula kommune, skal du ikkje bruke denne ordninga, men interne varslingsrutinar.
Beskriv situasjonen på ein god og utfyllande måte. Du kan varsle anonymt. Vi gjer deg likevel merksam på at det er ofte nødvendig for oss å få meir informasjon om varselet, noko som kan vere vanskeleg om du vel å vere anonym.
Varselet blir mottatt av personalavdelinga i kommunen.
Med kritikkverdige forhold meiner vi forhold som er i strid med:
- Lovar og reglar (rettsreglar)
- Skriftlege etiske retninglinjer i verksemda
- Etiske normer som det er brei oppslutning om i samfunnet
Eksempel på kritikkverdige forhold:
- Fare for liv og helse
- Fare for klima eller miljø
- Korrupsjon eller anna økonomisk kriminalitet
- Bruk/misbruk av myndigheit
- Brot på sikkerheit knytt til personopplysningar
Dersom varselet gjeld alvorlege, straffbare forhold, og det er moglegheit for at det er hald i påstanden, vil vi overlate saka til politiet.
Eksempel på forhold det ikkje skal varslast om her
- Ytringar om forhold som berre gjeld arbeidstakaren sitt eget arbeidsforhold blir ikkje regna som varsling, med mindre forholdet omfattes av punktene over. jf. arbeidsmiljølova § 2A-1 (3)
- Som regel vil heller ikkje arbeidsmiljøsaker og HMT-avvik reknast som varsling etter arbeidsmiljølova sine bestemmelsar. Slike saker bør normalt bli handtert gjennom ordinære HMT-prosessar i verksemdene, med mindre forholdet er omfatta av punkta over.
- Ytringer om forhold som er allment kjende.
- Kritiske ytringar, som fagleg eller politisk usemje.
- Klage på vedtak eller tenester er ikkje omfatta av ordninga. Klage på enkeltvedtak må rettast til den tenestestaden som fatta vedtaket innan klagefristen. Tenestestaden kan hjelpe deg med å skrive klaga. Dersom du opplev feil eller manglar ved ei teneste du mottek, må du kontakte verksemda som gir tenesta. Det same gjeld for andre avgjerder i konkrete saker der det er etablerte klageordningar.
- Varsel om skulemiljø og barnehagemiljø skal varslast direkte til skulen/barnehagen. Du finn lenke til skjema under kvar enkelt skule/barnehage.
- Bekymringsmeldingar knytta til omsorgssvikt, rus, vold, incest eller seksuelle overgrep
- Problem med vatn
- Hull i vegen, gatelys, forsøpling, skilt, vedlikehald, brøyting eller strøing
Falske anklager
Varslingsordninga skal ikkje nyttast til overlagte falske anklager mot personar, og det må ikkje med overlegg bli gitt usanne opplysningar.
Av omsyn til personvern skal du ikkje varsle på e-post.
Du vel sjølv om du ønsker å varsle anonymt, men om du oppgir namn og kontaktinformasjon gjer du det mogleg for oss å kontakte deg. Det er ofte nødvendig for oss å få meir informasjon om det kritikkverdige forholdet det blir varsla om. Uansett om du oppgir namn eller varslar anonymt, vil varslinga bli handtert i samsvar med lover og reglar for saksbehandling. Det skal vere tygt å varsle.
Du kan varsle på følgande måtar
Varsla blir mottatt av personalavdelinga i kommunen.
Sula kommune vil i kvar enkelt sak vurdere korleis varselet skal behandlast. Om varselet gjeld kommunedirektør, eller varselet innheld kritikkverdige forhold av svært alvorleg karakter, kan varselet bli send til kontrollutvalet for behandling. Kommunen kan og innhente juridisk og/eller sakkyndig bistand ved behov.
I Sula kommune er personalavdelinga som mottek varselet. Du vil få ei stadfesting på at varselet er mottatt. Oppfølging av varselet avheng av kva det er varsla om. Du vil få informasjon om kva for oppfølging varselet vil få.
Om varselet gjeld kommunedirektør, eller varselet innheld kritikkverdige forhold av svært alvorleg karakter, kan det bli send til kontrollutvalet for behandling. Kommunen kan og innhente juridisk og/eller sakkyndig bistand ved behov.
Dokument i varslingssaker er underlagt samme lover for teieplikt som andre dokument i kommunen. Det vil seie at opplysningar som er underlagde teieplikt alltid vil vere unnateke offentlegheit. Varslar sin identitet, og opplysningar som er eigna til å identifisere varslar vil som hovudregel vere skjerma.
Opplysningar som ikkje kjem under unntaksbestemmelsane i offentleglova vil derimot kunne bli offentligjorde, eller det kan giast innsyn etter innsynsbegjæring.
Varslingsordninga ivaretek også den/dei som det blir varsla om, vedkomande skal i utgangspunktet bli gjort kjent med innhaldet i varselet. På den måten får vedkomande moglegheit til å komme med sin versjon av saka.
Når saka er ferdig behandla, skal den/dei det er varsla om få beskjed omgåande.
Publisert 27.02.2024 13.38
Sist endra 12.06.2024 14.09