På MiSide finn du ei samling digitale tenester frå Sula kommune og andre offentlege tenester. Ei pålogging gir deg tilgang til alle tenestene.
Du finn mellom anna informasjon om
- Eigedomen din - gjeld også om du har eigedomar i andre kommunar enn Sula
- Faktura frå Sula kommune - du kan også be om betalingsutsetting
- Skjema til Sula kommune som du har sendt inn, eller har begynt på
- Bestille legetime og eKonsultasjon, lese eBrev, fornye reseptar og sende meldingar til legekontoret.
- Informasjon om din barnehage og SFO-plass
- Sula Kulturskule
- Bustøtte, Startlån og tilskot
- NAV
- Andre statlege tenester som Skatteetaten, Helsenorge
For å få tilgang til MinSide må du logge deg inn via ID-porten med ein av desse innloggingsmetodane:
- MinID
- BankID
- BakID på mobil
- Buypass
- Commfides
Nokre av tenestene og informasjonen på MinSide kan innehalde sensitive personopplysningar. For å få tilgang til desse tenestene må du logge deg på med høgste sikkerheitsnivå (for eksempel BankID)
Les meir om dei ulike innloggingsmetodane og korleis du kan bestille dei her.