Nyttige råd og tips
Om du er nyinnflytta i kommunen vår, eller om du vurderer å flytte hit, kan det vere lurt å ta turen innom innbyggaret på rådhuset, eller biblioteket. Begge deler finn du i kommunesenteret Langevåg, og begge stadar finn du tilsette som kjenner Sula godt og kan gi deg gode råd og tips for å bli kjent med Sula-samfunnet.
Finn ein plass å bu
Sula kommune har fem bygder - Langevåg, Fiskarstranda, Mauseidvåg/Eikrem, Solavågen og Veibust/Kvasnes.
Finn ein jobb
Det er fint å bu og arbeide i Sula kommune, men ein kan også bu i Sula kommune og arbeide i ei av nabokommunane. Regionen har eit variert arbeidsliv, både innan offentleg og privat sektor. Om draumejobben din ikkje er å finne i oversikta under, kan du derfor utvide søket til også å omfatte kommunane i nærleiken.
Søk skule og barnehage
Sula kommune har full barnehagedekning, fordelt på 4 kommunale og 4 private barnehagar. Grunnskulane i kommunen er godt utstyrte, den nyaste skulen, Rørstadmarka skule, opna i august 2022. Skulane gir undervisning på 1.-10. årstrinn, i tillegg til skulefritidstilbod. Det er tre barneskular fordelt på indre, midtre og ytre del av øya. Ungdomsskulen er felles for heile kommunen og ligg i Langevåg.
Lege og helsestasjon
Kommunelegekontoret i Sula og Langevåg helsestasjonen ligg i same bygg i Langevåg sentrum, Stadsnesvegen 9 b.
Kommunelegekontoret i Sula tilbyr fastlege, sjømannslege og reisevaksinering. Det er 9 fastlegar og turnuslege ved kommunelegekontoret i Sula. På Helsenorge.no kan du sjå kven som har ledig plass og du kan velge eller bytte fastlege.
Få ei aktiv fritid
Å vere aktiv på fritida er ein fin måte å bli kjent med både nærmiljøet og dei som bur der. Kultur- og fritidstilbodet i Sula er omfattande og variert I tillegg til kommunale tilbod som kulturskule og ungdomsklubb, står dugnadsånda sterkt. Det er 100 - 150 lag og organisasjonar i kommunen med eit breitt spekter av tilbod, frå idrett og friluftsliv, til korps, kor og dans.
Vi håper du finn noko som fenger!