Sula kommune har som mål at informasjonssikkerheit og personvern skal vere ein naturleg del av vår virksomheit.
For å kunne utøve mynde og tilby deg gode tenester, må vi ofte behandle opplysningar om deg elektronisk eller i eit register. I denne erklæringa beskriv vi korleis vi behandlar dine personopplysningar, kva som er formålet, kva rettar du har og anna.
Personvernerklæringar - for innbyggarar
Personvernerklæringar - for tilsette
Generelt om personvern i Sula kommune
Vi har fleire grunnleggande prinsipp som gjeld korleis vi skal handtere dine personopplysningar. Vi skal
- behandle dei lovleg, rettferdig, korrekt og med openheit
- behandle dei konfidensielt, verna mot utilsikta endring og vere tilgjengelege
- dei skal vere samla inn til bestemte formål og skal ikkje seinare brukast på ein måte som strid med dette
- dei skal nyttast til det konkrete formålet, og ikkje lagrast lenger enn det som er nødvendig eller pålagt
- dei skal vere oppdaterte
Forslag til vidare lesing: personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 5
Formålet med behandlinga er å tilby deg offentlege tenester eller utføre lovpålagte oppgåver.
Sula kommune må behandle personopplysningar for å kunne behandle søknader, og for at vi skal kunne utøve oppgåvene vi har fått og som vi er forplikta til å utføre i følge loven. Behandlingsgrunnlaget kan mellom anna vere at
- den registrerte personen har gitt samtykke til behandlinga
- det er nødvendig for å oppfylle ein avtale med den registrerte personen
- det er nødvendig for å overhalde lover og regler
- det er nødvendig for å utøve offentleg myndigheit
Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 6 – 11 og 21 gir utfyllende informasjon.
Dersom våre opplysningar om deg ikkje er rett, har du rett til å få korrigert dei. Det gjeld også om vi ikkje har fullstendige opplysningar om deg.
For å få korrigert opplysningane må du kontakte tenesten eller eininga som behandlar opplysningane. Du kan be om få ein kopi av opplysningane som er registrert.
Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 16 har reglar for dette.
I visse tilfelle kan du kreve at behandlinga av personopplysningane dine blir begrensa. Det kan for eksempel skuldast at du meiner at personopplysningane dine ikkje er rett og det vil ta tid å vurdere dette.
Du kan kontakte tenesten eller den aktuelle eininga.
Vi viser elles personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 18.
For enkelte behandlinga kan du ha rett til såkalla dataportabilitet. Det vil sei at du kan kreve å få overført personopplysningane frå oss til andre. Denne rettigheita har likevel fleire unntak. Retten gjeld blant annet ikkje dersom
- vi behandlar personopplysningane dine for å utføre ei oppgåve som er av allmenn interesse
- vi utøver offentleg myndigheit.
Meir informasjon finn du i personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 20.
Nokre gongar blir personopplysningane dine delt med andre. Det kan vere samarbeidsorgan (for eksempel NAV og Husbanken), eller andre som vi har plikt til å gi informasjon til. Det kan også vere at Sula kommune sine dataleverandørar må ha tilgang til programvaren der opplysningane blir lagra for å kunne utføre oppgåvene sine.
Sula kommune vil i slike tilfelle alltid forsikre seg om at utvekslinga er basert på lovleg grunnlag, at reglane for teieplikt blir overhaldne og at nødvendige avtaler blir inngått.
Vi vil passe på at personopplysingane dine er godt sikra. Vi vil også ta omsyn til den risikoen som behandlinga kan ha for deg. I tillegg vil vi gjennomføre andre tiltak for å nå dei grunnprinsippa vi nemnde innleiingsvis. Dersom noko går gale, vil vi ha beredskapsplanar for det.
Nemnde plikter gjeng fram av personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 24 og 25.
Sula kommune nyttar HTTPS for å sikre nettløysingane våre mot hacking. HTTPS gjer at kommunikasjonen skjer sikker mellom nettlesaren og datamaskina/mobilen din og servaren som driv nettstaden.
Når du fyller ut elektroniske skjema eller brukar digitale tenester vil personopplysningane dine (for eksempel, namn eller telefonummer) bli registrert av Sula kommune.
Opplysningane vil vere tilgjengeleg for saksbehandlende eining i Sula kommune, og nyttast til saka sitt opphavlege formål. Avslutta saker vil være tilgjengelege i kommunen sine arkiv.
Du kan klage til Datatilsynet hvis du ikkje er nøgd med korleis vi behandler personopplysningane dine eller du meiner behandlinga strid med personvernreglane. Informasjon om korleis du klagar finn du på nettsidene til Datatilsynet.
Behandlingsansvarleg
Sula kommune
Databehandlar
Sula kommune og systemleverandører
Sula kommune er ansvarleg for innhenting og bruk av personopplysningar som blir gjort gjennom nettstaden www.sula.kommune.no, og tilhøyrande digitale publikumstenester.
Databehandleravtalar mellom Sula kommune og leverandørane regulerer kva for informasjon leverandøren har tilgang til og korlies den skal behandlast. Avtalane skal ivareta personopplysningslova og sikre at praksis for behandling av personopplysningar er i tråd med Datatilsynet sine anbefalingar.
Vi lagrar opplysningar om deg når du sender oss e-post eller SMS direkte. E-post blir mottatt av arkivet vårt, dei tar stilling til om den skal jorunalførast eller ikkje. Dersom den skal journalførast, blir den overført til vårt arkivsystem. Dersom den ikkje skal journalførast blir den sendt vidare til nokon i organisasjonen slik at dei kan ta kontakt med deg.
Vi gjer deg merksam på følgande:
E-postar og SMS'ar som du sender direkte til oss er ikkje kryptert. Vi ber deg difor om ikkje å sende oss opplysningar som er underlagt teieplikt, er sensitive, eller fortrulege på den måten. Sula kommune kan heller ikkje svare på førespurnader som er underlagt teieplikt på e-post eller SMS.
Sula kommune har eige personvernombod. Ombodet skal bidra til at vi følger krava i regelverket, og vere bindeledd mellom deg og kommunen om du har behov for hjelp i høve til rettigheitane dine.
Du kan kontakte personvernombudet på telefon 70 19 91 00 eller epost: personvern@sula.kommune.no.
Sula kommune er behandlingsansvarleg og du kan kontakte oss på
E-post:post@sula.kommune.no
Telefon: 70 19 91 00
Postadresse: Postboks 280, N-6039 Langevåg
Sula kommunen er etter arkivlova forplikta til å føre offentleg journal. I journalen skal all korrespondanse til og frå kommunen førast opp.
Sula kommune offentleggjer dokument på postlista på heimesida. Her finn du alle inngåande og utgåande offentlege dokument. Ver klar over at korrespondanse til og frå Sula kommune i utgangspunktet er journalpliktig etter arkivlova, og vil vere eit offentleg dokument som andre vil kunne få innsyn i etter offentleglova. Dette gjeld og e-post og sms, men ikkje dokument unntatt offentlegheit. Innsynskrav blir i dei fleste tilfelle journalført og lagt på postlista.
Dette er ei kortfatta samanstilling av personvern og cookies, med hovudreglar. Personvernlovgivinga og anna regelverk er gjeldande om der skulle finnast motstridande informasjon.