Kulturskulen har to hovudopptak i året. Søknadsfrist for hovudopptaka er 20. mai og 10. desember.
Vi tar også opp elevar gjennom heile året tildeler plass så snart der blir noko ledig på eit av tilboda.
Du kan søke plass her
Tilbodet gjeld frå og med 1. klasse.
Opptak
Kulturskulen har to hovudopptak i året. Vi tar også opp elevar gjennom heile året tildeler plass så snart der blir noko ledig på eit av tilboda.
Prosedyrar for elevopptak
- Hovudopptaka vert gjennomførte i juni og desember kvart år.
- Rektor har ansvar for opptaket.
- Søkaren skal få skriftleg tilbakemelding seinast 1. juli og 20. desember.
- Søkarar som ikkje får plass ved hovudopptaket blir sette på venteliste
- Søkarar på venteliste får tilbod om plass når det vert ledige plassar. Prioriteringa skjer etter ansiennitet på ventelista og alder.
- Søkarar med spesielle behov og søkarar med ansiennitet frå andre kulturskular kan prioriterast etter søknad.
- Søknaden er bindande ved opptak. Utmelding må skje skriftleg til administrasjonen med frist 10.12 for vårsemesteret og 20.05 for haustsemesteret.
- Søkjarar som får tildelt plass får skriftleg informasjon om fast tidspunkt og plass for undervisninga, tid for første oppmøte og namn og telefonnummer til læraren.
Sist endra 12.06.2024 13.28