JodtablettarLytt til tekstenStopp avspillingDirektoratet for strålevern og atomsikkerthet (DSA) anbefalar alle under 40 år å ha jodtablettar liggande heime. Tablettane kan beskytte mot radioaktivt jod, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene. Jodtablettar kan kjøpast reseptfritt på apoteket. Du må ikkje ta meir enn anbefalt dose då det kan gi biverknadar.Situasjonen i UkrainaDSA følger situasjonen nøye. I følge dei er det, på grunn av den store geografiske avstanden til Ukraina, lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg. Oppdatert informasjon om situasjonen i Ukraina (DSA) Les meir om kva du er anbefalt å ha i beredskap (DSA)Utdeling av jodtablettarKommunane er ansvarleg for å dele ut tablettar til alle under 18 år, gravide og ammande. Sula kommune har nok tablettar til desse gruppene, og planar for korleis vi skal distribuere dei om det blir nødvending. Alle skular og barnehagar i Sula har jodtablettar tilgjengeleg til barna som oppheld seg der. Om barnet eller ungdommen ikkje har fylt 16 år, må føresette samtykke til at dei tar jodtablett.Samtykkeskjema for jodtablettar til personar under 16 årInformasjon frå nasjonale myndigheiter Angrepet på Ukraina - spørsmål og svar på regjeringen.no Oversyn over aktuelle saker om Ukraina og Russland på regjeringa.no Sist endra 01.10.2024 10.55