Feiing og tilsyn

Sula kommune har ein Feie- og tilsynsavtale med Ålesund Brannvesen KF (ÅBV). Det er feiarar frå ÅBV som står for feiing og tilsyn med eldstadar i Sula kommune.

Feiing

Skorsteinen blir feia/kontrollert etter behov. Erfaringar frå tidlegare feiing og fyringsmønster blir lagt til grunn. Det er brannsjefen, etter råd frå feiaren, som fastset feiefrekvensen for dei einskilde skorsteinane.

Forskrift om gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg i Sula kommune

Melding om feiing på SMS

Som eigar av bustad i Sula kommune vil du motta SMS med tidspunkt for feiing, NB! meldinga blir sendt frå eit uvanleg telefonnummer ( for eksempel 225801630776561 ).
Du skal svare på meldinga  med talet 1 (for å bekrefte tidspunkt) eller 2 (du tar kontakt for ny avtale). Dagen før feiing vert det sendt ut SMS med påminning om avtalt tidspunkt.

Tilsyn

Fyringsanlegg vert kontrollert kvart 4. år. Dette gjeld alle eldstadar, anten dei er fyrte med ved, olje eller gass. I tillegg blir det kontroll av sløkkeutstyr, røykvarslarar og rømmingsvegar. Særskilte fyrrom for sentralfyr vert også kontrollerte. Skorsteinen kan, etter avtale, bli inspisert med spesialkamera dersom det er mistanke om feil eller manglar som kan oppstå til dømes ved ein pipebrann.

Fritidsbustad

I hht. Den nye førbyggjande forskriften (§17) som trådte i kraft 1 januar 2016 har vi i 2018 starta gjennomføring av tilsyn på hytter og fritidsbustader i kommunen. Kor ofte tilsyn og feiing skal gjennomførast blir bestemt etter ei risikovurdering.

 E-post feiaren: Sula.Feiaren@sula.kommune.no

Melding om installering eller endring av eldstad

Du plikar til å melde frå til kommunen når du innstalerer eldstad eller om det blir gjort vesentlege endringar ved allereie eksisterande fyringsanlegg.

Registreringsskjema for eldstad.

Installering eller rehabilitering av skorstein

Installering av skorstein er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Ved nybygg er dette normalt ein del av byggesøknaden. 

Ved rehabilitering må det søkast særskilt. Jobben må utførast av fagfolk, dei må også søke om ansvarsrett for å utføre jobben.

Fritak for feiing og tilsyn

Om du har ein skorstein som ikkje er i bruk, kan du søke om fritak frå feiing og tilsyn. For at fritaket skal kunne innvilgast må alle elstader vere fråkopla eller plombert. Du pliktar å melde frå om du tar i bruk skorsteinen igjen.

Søknadsskjema for fritak for feiing og tilsyn

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss