Her finn du informasjon om ferdigattest, mellombels bruksløyve og melding om tiltak utan søknadsplikt.
Ferdigattest og mellombels bruksløyve
Når bygget er ferdig, må du søke kommuna om ferdigattest. Det er først når søknad om ferdigattest er godkjent, at du har lov til å ta i bruk bygninga. Om nokon har søkt på vegne av deg, er det dei som skal søke.
Dersom det kun står igjen små arbeider på bygninga, kan du søke om mellombels bruksløyve. I søknaden må du oppgi kva som manglar, og frist for ferdigstilling.
Sjå Direktoratet for byggkvalitet si nettside for meir informasjon om ferdigattest og mellombels bruksløyve.
Meld frå til oss om tiltak utan søknadsplikt
I Noreg er det viktig å melde frå til kommunen om også byggverk du ikkje må søke om. Det sikrar at kommunen har oppdaterte kart- og matrikkeldata. Dette må gjerast seinast fire veker etter ferdigstilling.
Det er også ditt ansvar å sørge for at byggverket overheld alle krav til avstandar og byggegrenser, og at bygget ikkje er større det som er lov på din eigedom. Ved å melde frå, har du også dokumentasjon på at bygget er unntatt søknadsplikt, noko som kan vere nyttig ved eit eventuelt sal av eigedomen.
Du kan bruke skjemaet “Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt” for å informere oss om det du har bygd.
Publisert 19.06.2018 18.29
Sist endra 14.06.2024 11.32