Deling av eigedom (skille ut tomt)

Ønsker du å dele eigedomen din (skille ut tomt), må du søke kommunen om løyve. Ved oppretting av ny grunneigedom vert det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gårds- og bruksnummer. Den nye eigedomen vert registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregisteret).

Kven kan søke

Det er eigar/heimelshavar av eigedomen som kan søke om frådeling. Er det fleire eigarar, så må alle eigarane signere søknaden. Alternativt kan person med fullmakt frå grunneigarane signere søknaden.

Slik søker du

Søk gjerne digitalt

Fyll ut søknadsskjema (PDF, 231 kB) for deling av eigedom etter plan- og bygningslova. Skjemaet krav om matrikkulering (PDF, 102 kB) må også fyllast ut.

Søknaden må innehalde følgende vedlegg:

  • Kartskisse som viser ønskja grense for deling av eigedomen og innteikning av tenkt adkomst. Kart finnast her.
  • Gjenpart av nabovarsel (opplysningar gitt i nabovarsel). Skjema finnast hos dibk.no.
  • Eventuelt søknad om dispensasjon frå gjeldande plangrunnlag
  • Eventuelt erklæring om rett til adkomst over naboeigedomar fram til offentleg veg. Skjema finnast hos kartverket.no.
  • Eventuelt erklæring om rett til å leggje, ha liggjande og vedlikehalde vann- og avløpsledningar. Skjema finnast hos kartverket.no.
  • Eventuelt uttalelsar/samtykke får andre offentlege myndigheiter

Send ut nabovarsel 

Naboliste kan privatpersonar bestille hos Ambita, Norkart  eller Proconet. Privatpersonar kan også logge inn på kommuna si kartløysing og lage naboliste der.

Skjema for nabovarsling finnast hos dibk.no. Elektronisk skjema via Altinn er også mogleg via e-torg.no.

Levering av nabovarsel kan gjennomførast på fleire måtar, sjå dibk si nettside.

Søknaden sendast til

Sula kommune
Plan, byggjesak og geodata
Pb. 280
6039 LANGEVÅG

Saksbehandling/tidsfristar

  • Ein komplett søknad om frådelingsløyve som ikkje medfører dispensasjon eller behov for uttale frå anna myndigheit, skal vere behandla innan 3 veker (jf. pbl §21-7).
  • Dersom søknad om frådelingsløyve omfattar dispensajon eller behov for uttale frå anna myndigheit, skal søknaden behandlast innan 12 veker (jf. pbl §21-7).
  • Opmåling av den nye eigedomen skal utførast innan 16 veker etter at vedtak om frådelingsløyve foreligg (jf. matrikkelforskriften § 18). Normalt vert oppmåling utført i god tid innan 16 veker. 

Pris

Når du skal dele frå ein eigedom, må du betale gebyr både for behandling av delingssøknaden og gebyr for oppmålingsarbeidet.

Gebyrregulativ for plan, byggesak- og geodata 

Aktuelt lovverk

Kontakt

Åge Risjord
Ingeniør
E-post
Mobil 95 71 22 69
Cecilie Solli
Einingsleiar
E-post
Mobil 90 55 60 60

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)