Søke om omsorgsbustad

Kva tilbyr vi?

Ein omsorgsbustad er ein fysisk tilrettelagt bustad for personar med behov for ulike grader av oppfølging, pleie og omsorg.

Dersom du får tildelt omsorgbustad, må du i tillegg søke på helse- og omsorgstenester avhengig av ditt hjelpebehov.

Korleis få tilbodet?

Fyll ut skjema i lenken under.  Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk  og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema, eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på , kan du ta kontakt med tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret ved Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva skjer vidare?

Ledige omsorgsbustadar blir annonsert og tildelt etter kvart som dei blir ledige. Det er inntaksutval som tildeler bustadane. Kva behov du har for hjelp/tilsyn kan vere avgjerande for kva bustad som blir tildelt.

Pris 

Husleige for omsorgsbustader 2024
Adresse Husleige pr. mnd
Bakketunevegen 3 -18 9 173,00
Bakketunvegen 5 7 504,00
Nymarkvegen 50 - 68 9 135,00
Nymarkvegen 70 - 74 9 533,00
Djupdalen 60 og 66 5 216,00
Fyllingvegen 13 10 705,00
Fyllingvegen 63 A -L 9 053,00
O.A.Devoldsgt. 11 11 059,00
Hølevegen 76 b 9 413,00
Molværsvegen 11 9 543,00
Molværsvegen 15, 17 og 19 9 543,00
Molværsvegen 17, 2 etg (1 og 4) 7 729,00
Sloghaugvegen 28 9 543,00
Sulatunet 9 543,00
Årgjerdalen 8 952,00
Stadsnesvegen 22 (liten) 10 792,00
Stadsnesvegen 22 11032,00
Nausthaugen 8 500,00
Vågstunet 8 100,00

Bustøtte

Du kan søke om bustøtte. Inntekt og formue, samt husleige avgjer om du har rett på slik støtte.

Kontakt

Therese Ulla Pleym
Rådgivar
E-post
Mobil 47 66 23 50
Astrid Engetrøen
Rådgivar
E-post
Mobil 95 71 02 52

Adresse

Besøksadresse
Stadsnesvegen 23
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg