Bestille eller endre abonnement

Alle private hushaldningar i Sula kommune må ha offentleg renovasjon, det gjeld også for hytter og fritidsbustadar.

Dei fleste har eit standardabonnement, men om du har lite avfall kan du velge å ha henting av restavfall berre annakvar veke. Fleire hushaldningar kan også velge å slå seg saman og dele større dunkar.

Ordinær renovasjon

• Henting av restavfall ein gong i veka
• Henting av papir og plast kvar fjerde veke
• Renovasjonskalenderen viser kva dag du har henting.

Redusert renovasjon /kompostabonnement

  • Henting av matavfall annakvar veke (gjeld ikkje kompostabonnement)
  • Henting av restavfall kvar 4. veke
  • Henting av papir og plast kvar fjerde veke
  • Husstandar med redusert abonnement har lys grå farge på lokket på restavfallsdunken. Slik kjenner renovatørane att kven som har henting kvar fjerde veke.
  • Ordninga gir reduksjon i prisen

Samarbeid om renovasjon

  • Du kan samarbeide med ein eller fleire andre husstandar om dunk.
  • Dunken blir henta kvar veke
  • Kvar kunde har mellom 70-140 liter til disposisjon i dunken. (Ta kontakt med Attvin dersom de har behov for avtale med større volum per kunde).
  • Samarbeidet blir oppløyst om partane i samarbeidet er ueinige.
  • Du kan ikkje samarbeide med deg sjølv (døme: om du har utleige i kjellar).
  • Ordninga gir reduksjon i prisen

Henting av søppeldunk ved vegg

Om du søker om å få henta søppeldunk ved husvegg av helsemessige grunnar, ber vi om du fyller ut skjema for søknad om henting av søppledunk ved vegg.

Om du ønsker å betale for tenesta, kan du kontakte Attvin.

Skat/hageavfall

Kan leverast gratis på Bingsa miljøstasjon.

Du kan lese meir om dei ulike abonnementa på nettsidene til Attvin.

Bestille eller endre

Skjema for å bestille endre renovasjonsabonnement.

Søk om fritak

Fritak blir berre innvilga for periodar på minst 6 månader. Søknaden skal begrunnast. Ved søknad om fritak for fritidsbustad må eigedomen stå til nedfalls. Dette må dokumenterast med bilete.

Skjema for søknad om fritak

Prisar

Prisar for renovasjon i Sula kommune

Lover og reglar

Forskrift om renovasjon i Sula kommune

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss

Attvin (tidlegare Årim)
E-post
Telefon 70 31 41 00

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Innbyggartorg og sentralbord er opent måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne måndag - fredag 08:00-15:30.