Dunkar
Til eit standard renovasjonsabonnement høyrer følgande med:
- 140 l restavfallsdunk
- 240 l papiravfallsdunk (eventuelt 140 l)
- 140 l plastemballasjesekk
Mange har 140 l papirdunk. Du kan få større papirdunk utan tillegg i pris. Kontakt Attvin for å bestille.
Renovatør hentar dunkane ved husvegg. Dunken må stå godt synleg frå vegen, ha fri ferdsel og kunne bli henta utan hindringar som trapper, dører og liknande. Plastsekk skal stå plassert ved sida av dunken.
Sekk til sortering av plast
Når du er tom for plastsekkar kan du knyte ein berepose på ein av dunkane dine. Dette er ein beskjed til renovatør om at du treng nye sekkar. Da får du utdelt sekkar neste gong avfall blir tømt hos deg.
Hugs og å fjerne posen når du har fått nye sekkar.
La posen henge til neste gong dersom renovatør ikkje har lagt att rull med sekkar. På nokre ruter er det mange som har behov for posar, og renovatørane går tom på vegen.
Det er utdeling av rullar til alle husstandar til hausten.
Du kan også få fleire sekkar i innbyggartorget på rådhuset i Sula kommune.
For meir informasjon kontakt Attvin
Avfall som ikkje går i dunken?
Ekstrasekk
Om du har meir avfall enn det som får plass i dunken kan du kjøpe ein ekstrasekk i innbyggartorget på rådhuset. Sekken er oransje, og kan brukast i alle Attvin-kommunane. Det vil seie at du kan kjøpe sekken i din kommune og levere han i ein annen.
Pris
Du kan sette ut sekken med på hentedag for restavfall.
Dersom du har større mengder avfall etter for eksempel oppussing, eller møblar og andre store ting som ikkje får plass i dunken kan du levere dette på Miljøstasjonen Bingsa. Kan nokon andre ha nytte av det du ønsker kvitte deg med?