Sula kommune har etablert 4 ladepunkt for elbil på parkeringsplassen aust for rådhuset.
Ladestasjonane er av typen Zaptec utan fastmontert ladekabel. Laderane har "universalkontakt" - det vil sei at dei kan brukast av alle elbilar med passande mode 3, type 2 ladekabel. Våre 230V anlegg kan levere opp til 7,2 kW.
Plassane er skilta slik at dei er reservert for "ladbar motorvogn". Det er ladeplikt for å stå på disse plassene, det vil i praksis sei at bilen må være tilkopla ladar for å kunne stå der. Maksimal pakeringstid er 12 timar.
For å lade må du først laste ned mobil-appen "EasyPark" fra Google Play eller App Store. Det finst bruksanvisning for korleis du startar lading på alle ladestasjonane.
Du må følge denne rekkefølgen for å få starta lading:
- Start lading i EasyPark appen med riktig takstgruppe (takstgruppe står på ladar)
- Koble til bilen
- Stopp ved å avslutte i appen
- Grønt lys - Klar eller ferdig lada
- Gult lys - Autentiserer / ventar på lading
- Blått pulserende lys - ladar
- Rødt lys - feil
Publisert 27.06.2019 13.57
Sist endra 14.06.2024 11.23