Kvalitet på drikkevatn

Sula kommune er tilknytt Ålesund kommunale vassverk og har avtale med Ålesund kommune om levering av ferdig behandla og godkjent vatn inn på vassleidningsnettet.

Fysiske og kjemiske eigenskapar

Kvaliteten på vatnet blir kontrollert kvar veke. Vassprøvene vert tekne ute på leidningsnettet og analysert av akkreditert laboratorium. Dei siste åra har alle analyser tilfredsstilt dei strenge krava i forskrifta. 

Blautt vatn i Sula

Sula har blautt vatn, hardleiken er på vatnet mellom 0-5 dH°. Hardleik er eit mål for innhaldet av salt i vatnet, i første rekke kalsium- og magnesiumsalt. Innhaldet av kalsium blir målt i hardleiksgrader, dH°. Skalaen går frå 0 til 30, der 0 er blautt vatn og 30 er hardt. Ein grad er det same som eit innhald av 10 mg kalsiumoksid per liter vatn.

Drikkevatn frå privat vassforsyning

Har du eiga vassforsyning kan du få drikkevatnet ditt analysert av eit privat laboratorium. Fleire av laboratoria har nettbutikk. Flaskene blir sendt heim til deg med posten og du sender flasker med vatn i retur. 

Alle private vassforsyningar som forsyner meir enn ein bustad skal registrerast hos Mattilsynet.

Lover og reglar

Forskrift om vannforsyning og drikkevann

Kontakt

Birgitte Drønnesund Valderhaug
Ingeniør
E-post
Mobil 95 84 40 38

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Innbyggartorg og sentralbord er opent måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne måndag - fredag 08:00-15:30.