Vassforsyninga kan bli uregelmessig ved anleggsarbeid eller ved uventa brot på ei vassleidning.
Varsling
Ved planlagt stenging av vassforsyninga blir abonnementane varsla på førehand. Det er ikkje alltid vi når ut med varsling til alle. Det kan skuldast feil i kartet, i telefonkatalogen eller folkeregisteret.
Sjekk om du blir varsla.
Nokre gongar støter vi på uvanta problem og vatnet kan bil vekk lenger enn planlagt. Vi jobbar alltid for at den tida du er uten vatn skal bli kortast mogleg.
Kva skal du gjere dersom vatnet er stengt?
- Hald alle vasskraner stengd den tida vatnet er borte
- Når vatnet er tilbake, kan det være brunt. Då bør du tappe ut mykje kaldt vatn frå den krana som er nærast vassinntaket til bustaden. Ta ut eventuell sil i krana.
- Unngå å tappe varmt vatn for å hindre grums til varmtvasstanken
- Det er lurt å vente med vask av lyse klede dersom vatnet er brunt
Kontaktinfo
Er noko feil med vatnet?
Gi oss beskjed.