Vassmålar

Kva kan eg spare på å installere vassmålar?

Vi har laga ein kalkulator der du kan rekne ut kva din husstand kan spare på å installere vassmålar. Vi gjer merksam på at summen er rettleiande, ikkje eksakt. 

Fyll inn talet på kvadratmeter bruksareal, personar og forbruk (lågt, middels eller høgt) i din husstand i skjemaet under. 

  

Installasjon av vassmålar

Om du ønsker å installere vassmålar må du ta kontakt med røyrleggar. Du må betale for vassmålar og installasjon sjølv. Når vassmålaren er montert skal røyrleggaren melde frå til oss slik at vi får registrert den inn i våre system. Du vil bli fakturert for faktisk forbruk frå den datoen vassmålaren var montert.

Avlesing og fakturering

Vi sender ut påminning om avlesing av vassmålar i desember kvart år. Du vil få ein SMS med informasjonen du treng for å kunne melde inn målarstanden. Om du mottek varsel på SMS, du svare på SMS. Les av alle dei svarte tala også nullane. Om målaren din har raude tal, skal ikkje dei takast med. 

Fristen for å lese av og melde inn vassmålarstanden er 01. januar. For dei som mottek avlesingskort kan vassmålarstaden registrerast via internett på www.leseav.no. Lenken til www.leseav.no er aktiv i perioden medio desember til medio januar kvart år. 

For dei som har månadleg faktura kjem oppgjeret på faktura for februar, medan dei som har kvartalsvis faktura får oppgjeret på  faktura for 1. termin med forfall 20. mars .

Her kan søke om å faktura ein gong i månadleg (eller endre tilbake til kvartalsvis) 

Prisar

Kommunaltekniske gebyr

Gebyr for vatn og kloakk er delt inn i fast- og forbruksgebyr

Fastgebyr

Fastgebyr vatn og kloakk er den faste delen av gebyret og er uavhengig av kor mykje vatn du brukar.

Forbruksgebyr

Forbruksgebyr vatn og kloakk (vatn inn = kloakk ut) vert rekna ut etter bruksarealet (BRA) eller vassmålar.

Årsoppgjeret for vassmålar kjem på 1. termin. For dei øvrige terminane blir det stipulert eit beløp for forventa bruk av vatn og kloakk, berekna ut i frå forbruket året før.

Kontakt

Gunn Kjersti Myklebust
Konsulent
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 48 10 11 14
Birgitte Drønnesund Valderhaug
Ingeniør
E-post
Mobil 95 84 40 38
Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Innbyggartorg og sentralbord er opent måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne måndag - fredag 08:00-15:30.