Klipping av hekkar og busker
Eig eller disponerer du ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved avkøyrsla di og mot vegkryss.
Klipp hekkar og busker ved eigedomen din, slik at bilistane ikkje overser syklistar og gåande. På den måten tar du ansvar, og bidreg til betre tryggleik i lokalmiljøet.
Vi håper du vil gjere nødvendige tiltak på vegetasjonen slik at alle kan gå, sykle og køyre trygt forbi eigedomen din.
Du kan lese meir om klipping av hekk og busker på vegvesenet.no
Sist endra 16.05.2024 13.02