Bustader for personar med demens
Kva tilbyr vi?
Molværsvegen 15, 17 og 19 er døgnbemanna bukollektiv med heildøgnplassar for personar med demens.
Her er
- Rom med eige bad
- Felles stue med TV
- Sosialt felles skap
- Felles kjøkken og måltid
- Felles aktivitetar som varierar i type, avhengig av kven som til ei kvar tid bur der
Personalet på avdelingane har spesiell kompetanse i behandling og pleie av personer med demens.
Du kan også følge oss på facebook for meir informasjon om kva som skjer hos oss.
Kven kan få tilbodet?
Målgruppa er mennesker med demens som treng trygging i eit lite miljø.
Korleis få tilbodet?
Bruk søknadskjema som du finn her: Søk plass på omsorgsbustad.
I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehova dine og kva tenester du meiner du trenger. Inntaksutvalet vurderer søknaden din og finn det tilbodet som passer best for deg.
Kva kostar det?
Sjå Prisar og gebyr for kommunale tenester.
Heimesjukepleie er gratis.