Demensteam

Kva tilbyr vi?

Sula kommune sitt demensteam har kontakt med menneske i ein tidleg fase av demenssjukdomen. Vi tar heimebesøk etter førespurnad frå pårørande, lege, heimetjenesta eller andre. Vi kartlegg og greier ut den einskilde sine behov i samråd med fastlege. Vi samarbeidar med ergoterapeut knytt til hjelpemiddel som støtter hukommelse. Vi har samtaler med berørte om demenssjukdomen, og gjev informasjon om andre tilbod kommunen kan tilby.

  • Heimebesøk
  • Kartlegging av behov
  • Utgreiing i samråd med fastlege
  • Rettleiing om hjelpemiddel som støttar hukommelse og bidrar til auka tryggleik i heimen
  • Oppfølging 

Kvifor er demensutgreiing viktig?

  • Utelukke andre sjukdomar som har demensliknande symptom
  • Vurdering av medisinar
  • Legge til rette i heimen for personar med demens og deira pårørande
  • Sette i verk tiltak til riktig tid

Kven kan få tilbodet?

Pårørande og menneske med demens i tidleg fase.

Typiske teikn på demens:

  • Gløymer nylege hendingar
  • Gjentek historier og leitar etter ord
  • Er forvirra i forhold til tid og stad
  • Har problem med å kjenne igjen folk
  • Gløymer innlærde ferdigheiter
  • Har fått endra personlegdomstrekk
  • Har fått svekka dømmekraft
  • Har problem med å klare seg sjølv i kvardagen
  • Har mista initiativ og engasjement
  • Har humørendringar

Korleis få tilbodet?

Ta kontakt på telefon eller e-post. Kontaktinformasjon finn du under.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt

Eli Karin L Hageløkken
Avdelingsleiar
E-post
Mobil 46 88 14 41
Trine Kjærstad Alnes
Fagarb Helse m fagskuleutd
E-post
Telefon 70 19 91 40
Randi Åkernes Måseidvåg
Sjukepleiar
E-post
Mobil 46 88 14 41