Pårørandeskule

Kva tilbyr vi?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med ein demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Gjennom faglege førelesningar, plenum- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, treffe andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Kurset går over 5 kveldar ved Erindringssenteret i Molværsvegen 17, og vi nyttar både interne og eksterne førelesarar.

Kven kan få tilbodet?

Dette er eit tilbod til pårørande og nære vener til personar med demens.

Korleis få tilbodet?

Ta kontakt med demensteamet for påmeldig. Kontaktinformasjon finn du under.

Kva kostar det?

Kurset er gratis.

Kontakt

Randi Åkernes Måseidvåg
Sjukepleiar
E-post
Mobil 46 88 14 41