Førebyggande heimebesøk til eldre

Kva tilbyr vi?

Sula kommune tilbyr heimebesøk til alle som fyller 80 år. Heimebesøket skal bidra til å auke tryggleik og meistring i kvardagen. Tilbodet skal gjere deg i stand til å bu heime og ha eit sjølvstendig liv så lenge som råd. Kva er viktig for deg, og korleis kan du tenke deg din alderdom?

Under besøket får du ein perm med oversikt over ulike tenester, tilbod og aktivitetar for eldre i Sula kommune.

Kven kan få tilbodet?

Alle får tilbodet det året dei fyller 80 år.

Korleis få tilbodet?

Kommunen sender ut invitasjonsbrev til aktuelle personar.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Vi tar kontakt på telefon for å avtale tid for heimebesøket.

Kontakt

Therese Ulla Pleym
Rådgivar
E-post
Mobil 47 66 23 50
Astrid Engetrøen
Rådgivar
E-post
Mobil 95 71 02 52

Adresse

Besøksadresse
Stadsnesvegen 23
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg