FysioterapiLytt til tekstenStopp avspillingTenesta kan gi råd og rettleiing til dei med motoriske vanskar, muskel eller skjelettplager. Samt gi tilbod om behandling der dette er aktuelt.Kva tilbyr viEi sentral oppgåve er og å gi råd og rettleiing for å førebygge at slike problemstillingar oppstår, og å gi råd og rettleiing til andre kommunale tenesteinstansar.FallførebyggingDei kommunale fysioterapeutane tilbyr også gruppetreningar med fokus på fallførebygging. Deltakarane blir testa ved oppstart for å finne det gruppetilbodet og nivået som passar best for den enkelte. Kven kan få tilbodet?Dei som har behov for råd, rettleiing eller behandling etter fagleg vurdering frå fysioterapeut.Retningslinjer for prioritering (priorteringsnøkkel) i Sula kommune (PDF, 670 kB)Korleis få tilbodet?Kommunale fysioterapeuter:Bruk tilvisningsskjemaet for rehabiliteringstenesta som du finn ved å trykke her. Kommunen har i tillegg driftsavtale med tre private fysikalske institutt: Sunde fysioterapi Acto Terapi og Trening AS Indre Sula fysio og velvære Kva kostar det?Alle må betale eigenandel for fysioterapi, med unntak av barn under 16 år og personar med godkjent yrkesskade.Frikort kjem automatisk i posten etter at du har nådd frikort eigenandelstaket. Les meir om frikortordninga. Les meir om eigenadel.Kva skjer vidare?Fysioterapeut tar kontakt for vurdering og eventuelt vidare oppfølging. Publisert 06.04.2018 14.33 Sist endra 01.07.2024 10.33