Syn- og hørselskontakt for vaksne og eldre
Kva tilbyr vi?
- Oppdage, utgreie og kartlegge praktiske problem med bakgrunn i syn- og/eller hørselsproblematikk.
- Informere om rettigheiter iht gjeldande regelverk.
- Skrive søknader og begrunne behov for hjelpemiddel.
- Følge opp brukaren med tanke på endra behov.
- Vere kontaktperson mellom brukaren og resten hjelpeapparatet.
Kven kan få tilbodet?
Tenesta er retta mot vaksne og eldre som bur heime eller på institusjon.
For å få teneste må du ha henvising. Henvisinga kan komme frå heimetenesten, NAV, hjelpemiddelsentral eller lege. Ved behov for synshjelpemiddel må du legge fram erklæring fra lege/optiker som ikkje er eldre enn 3 år.
Korleis få tilbodet?
Du må søke om å få tenesta.
Søknadsskjema for syn- og hørselskontakt
Kva kostar det?
Tenesta er gratis
Kva skjer vidare?
Syn- eller hørselskontakt tar kontakt med deg eller institusjon du bur på og det blir sett i gang tiltak.