Arbeid som støttekontakt

Kva gjer ei støttekontakt?

Som støttekontakt  vil du bidra til at personar med ulike utfordringar får ei meiningsfylt fritid og eit meir sosialt liv. Ei støttekontakt hjelpe til med å styrke personen sine fritidsinteresser og sosiale nettverk.

Barn, ungdom og vaksne med ulik grad av behov for tilrettelegging kan få støttekontakt. Vi treng støttekontakter som kan jobbe med rus, psykiatri, fysiske og psykiske funksjonshemninger.

Alkohol og andre rusmiddel skal ikkje nytast i samvær med bruker.

Arbeidstida er primært ettermiddag og kveld, men noko arbeid på dagtid og helg kan også vere aktuelt.

Støttekontakter får lønn av kommunen og køyregodtgjersle etter avtale.

Kven kan bli støttekontakt?

  • Du bør vere sosialt engasjert, ha evne til å sette i gang aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske
  • Du bør være ein god rollemodell, vere trygg på deg sjølv og ha evne til å samarbeide.
  • Det er ingen krav til fagutdanning for å være fritidskontakt, det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
  • Gode norskkunnskaper
  • Politiattest kreves for alle nye fritidskontakter fra og med 01.01.2017

Interesser, alder, kjønn og personlegheit er viktig når vi prøver å kople riktig støttekontakt saman med brukar. Vi vil difor gjerne vite mest mogleg om kva  du liker å gjere.

For å skape stabilitet for brukaren, bør du kunne binde deg for minst eit år.

Slik søker du

Bruk søknadsskjema.

Kva skjer vidare?

Det vil variere kor lang tid det tar før du får tilbod om oppdrag. Når vi finn ein brukar som passar til deg og dine interesser, vil vi ta kontakt med deg for å avtale eit intervju. N

Det vil variere hvor lang tid det tar før du får tilbud om oppdrag.

Lønn

Som støttekontakt må du levere inn timeliste (PDF, 67 kB) for å få utbetalt lønn.

Kontakt

Heidi Vegsundvåg
Rådgivar
E-post
Mobil 91 36 78 43
Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss

Opningstider

Innbyggartorg og sentralbord er opent måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne måndag - fredag 08:00-15:30.