Tilbod om avlastning blir gitt til pårørande med særleg tyngande omsorgsoppgåver for barn og unge med ulike funksjonsnedsettingar. Tilbodet kan bli gitt som privat avlastning eller som avlastning i institusjon.
Slik søker du
Fyll ut skjema i lenken under. Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.
Det er ingen søknadsfrist. Søknadane blir behandla etter kvar som dei kjem inn.
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis. Den enkelte må ha med kle, medisinar, toalettsaker, lommepengar og anna utstyr som trengs for eit opphald.
Har du lyst til å bli avlastningsheim?
Søknadsskjema.
Lønn
Som avlastningsheim må du levere inn timeliste (PDF, 52 kB) for å få utbetalt lønn.
Ta gjerne kontakt med oss om du treng meir informasjon om det å vere avlastningsheim.