Butilbod

Kva tilbyr vi?

Praktisk hjelp, personleg hjelp og målretta miljøarbeid i heimen.

Kven kan få tilbodet?

Personar med psykisk og fysisk funksjonsnedsetting.

Korleis få tilbodet?

Fyll ut skjema i lenken under.  Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk  og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema, eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på , kan du ta kontakt med tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret ved Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva kostar det?

Personleg hjelp er gratis. Sjå satsane under for pris på praktisk hjelp i heimen

Husleige

Du finn ei oversikt over prisane her.

Du kan søke bustønad.

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtak kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til følge gjennom eit nytt vedtak.

Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2

Lover og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukarrettighetsloven 

Kontakt

Mariann Kaldhol
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 70 19 79 33
Mobil 95 71 02 69
Caroline Øien Fiksdal
Avdelingsleiar
E-post
Mobil 95 71 02 57
Charlotte Vik
Avdelingsleiar
E-post
Mobil 95 71 02 46
Camilla Vee
Einingsleiar
E-post
Telefon 95 71 02 51
Mobil 95 71 02 51