Molvær senter - avdelingar
Arbeidstakarane ved avdelinga driv med forskjellig handarbeid som veving, strikking, hekling, og andre oppgåver tilpassa den enkelte. Produkta blir solgt i butikken Kort & Godt.
Avdelinga tar gjerne imot bomullstekstiler som eignar seg til produksjonen av filleryer.
Avdelinga baker også til sal i kafeen til Kort & Godt.
Kontaktinformasjon
Kjøkkenet har faste leveransar av mat/catering til kommunale møte. Når dei har kapasitet, tar kjøkkenet også imot bestilling av kaker og møtemat frå andre.
Arbeidstakarane ved kjøkkenet lagar også mat til kantina ved Molvær senter.
Kontaktinformasjon
Dagsenteret gir tilpassa tilbod til personar med stor funksjonsnedsetting. Her er det til dømes lagt til rette for at personar som sit i rullestol får kvile og stillingsendring.
Arbeidstakarane ved dagsenteret lagar kort til konfirmasjon, bryllaup og fødselsdagar. Produkta er til sal i butikken «Kort & Godt». Dei driv også med tekstil og malearbeider.
Ved avdelinga får arbeidstakarane også individuell tilrettelagt trening, og har faste «utedagar» for opplevingar og inspirasjon.
Kontaktinformasjon
Industri & service har eit mangfald av oppgåver. Arbeidstakarane driv med vedkløyving og dei produserer opptenningsbrikettar. Vidare driv dei med småsløyd, som produksjon av fuglehus, humlekassar og andre nyttige ting. Alt kan kjøpast i senteret sin butikk, Kort & Godt.
Avdelinga har også delproduksjon til større bedrifter. Arbeidstakarane lagar mellom anna «jordlisser» for Sperre industrier, og er såleis med på å utruste små og store skip med delar i elektroskap. Fleire av arbeidstakarane ved avdelinga er aktive både med jobbfrukt og hjelpemiddelhandtering.
Avdelinga gir i tillegg tilbod om fysisk trening gjennom uteaktivitet/turdag.
Kontaktinformasjon
Dropp inn er avdelinga for dei som treng om ein fleksibel arbeidsplass som dei kan møte opp på når motivasjonen er tilstades. Arbeidstakarane ved avdelinga kjem i følge med personale frå bustaden dei bur i. Målet er at avdelinga får ei så naturlig og god tilknytting til resten av senteret som mogeleg.
Ved Dropp inn har arbeidstakarane høve til å produsere mykje av det same som blir produsert ved dei andre avdelingane, og ein har rom for samlingar og felles lunsj.