Heimehjelp - praktisk hjelp i heimen

Praktisk hjelp i heimen skal legge til rette for at den enkelte skal kan bu heime lengst mogleg.

Kven kan få tilbodet?

Du må ha eit særlig behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting eller alder. Behovet blir vurdert etter søknad og det blir fatta vedtak på hjelpa.

Korleis få tilbodet?

Fyll ut skjema i lenken under.  Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk  og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på , kan du ta kontakt med tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret ved Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva kostar det?

Du må betale eigenandel for praktisk hjelp i heimen

Betalingssatsane er gradert etter inntekt og vert fastsett av kommunestyret.

Vask av privat tøy for bebuarar i bukollektiv

Dei som bur i bukollektiv, får tilbod om vask av privat tøy etter fastesette satsar. Nødvendig merking av tøy dekkjast av bebuaren.  

Kva skjer vidare?

Søknader vert behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du motta svar frå kommunen med  endeleg vedtak eller orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtak om praktisk hjelp i heimen kan påklagas etter Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på sakshandsaming, omfang av tenesta eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, vert klaga teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Kontakt

Heimtenesta ytre vakttelefon
Telefon 95 83 07 10
Heimetenesta indre vakttelefon
Telefon 90 58 57 86
Astrid Engetrøen
Rådgivar
E-post
Telefon 70 19 82 01
Mobil 95 71 02 52
Therese Ulla Pleym
Rådgivar
E-post
Mobil 47 66 23 50
Torunn Veddeng
Einingsleiar
E-post
Mobil 95 71 02 62