Heimesjukepleie

Heimetenesta har tiltak retta inn mot dei som treng hjelp for å bu i eigen heim.

Kven kan få tilbodet?

Alle som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for sjukepleie i heimen. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.

Korleis få tilbodet?

Fyll ut skjema i lenken under.  Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk  og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.


Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med Tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret i Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

E-lås for dei som har heimesjukepleie

Dei som har besøk av heimesjukepleie får montert ein e-lås på ytterdøra. Det er eit eige nøkkelhull som blir montert i den låskassa som du allereie har. Du kan framleis bruke den vanlege nøkkelen din. Systemet påfører ikkje skade på døra, og kan fjernast om du ikkje lenger har behov for tenesten. 

E-lås gir auka sikkerheit for deg som har heimesjukepleie. Tidlegare måtte du gi frå deg to kopiar av eigen nøkkel til ytterdøra di for å få tenesten, det slepp du no.  Alle tilsette har kvar sin unike nøkkel, det betyr at kvar gong dei låser seg inn i ein bustad, blir det loggført kven som har låst seg inn og når. Din eigen bruk av låsen blir ikkje registrert.

Klage

Vedtak om heimesjukepleie kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2

Lover og reglar

Pasient- og brukarrettighetsloven 

Kontakt

Heimetenesta indre vakttelefon
Telefon 90 58 57 86
Iselin Lunden Sandøy
Avdelingsleiar
E-post
Mobil 47 62 13 78
Heimtenesta ytre vakttelefon
Telefon 95 83 07 10
Solgunn Eide Dybvik
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 95 71 02 63
Mobil 95 71 02 63
Torunn Veddeng
Einingsleiar
E-post
Mobil 95 71 02 62

Adresse

Heimetenesta Ytre

Stadsnesvegen 9
6030 Langevåg

Heimetenesta Indre

Nausthaugen
Pebakken 3
6037 Eidsnes