Tryggleiksalarm

Kva tilbyr vi?

Tryggleiksalarm som er kopla opp mot alarmsentral med personale til stades heile døgnet.

Kven kan få tilbodet?

Dei som av ulike årsaker kan ha behov for å tilkalle hjelp frå heimetenesta.

Må fylle eitt eller fleire av følgjande kriterium:

  • ha lett for å falle/har rørsleproblem
  • er særs utrygg eller sjuk av andre årsaker
  • bur åleine /har lite nettverk

Det er ei føresetnad at den som får innvilga alarm forstår bruken av denne. Alarmen skal kun nyttas i akuttsituasjonar.
Tenesta er ikkje lovpålagt. Det er utarbeida teesteerklæring for Tryggleiksalarm, der finn du meir
informasjon om tenesta.

Korleis få tilbodet.

Fyll ut skjema i lenken under.  Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk  og eit i pdf. Begge skjema skal sktrivast ut og sendast til oss pr. post.

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eler råd med tanke på om dette er ei teneste du kan søke på, kan du ta kontakt med heimetenesta. Tiltakskontoret som har base ved Sulatunet og Servicekontoret kan også bistå deg.

Kva kostar det?

Gebyr og betalingssatsar for helse og sosial.

E-lås 

Dei som har besøk av heimesjukepleie får montert ein e-lås på ytterdøra. Det er eit eige nøkkelhull som blir montert i den låskassa som du allereie har. Du kan framleis bruke den vanlege nøkkelen din. Systemet påfører ikkje skade på døra, og kan fjernast om du ikkje lenger har behov for tenesten. 

E-lås gir auka sikkerheit for deg som har heimesjukepleie. Du treng ikkje lenger å gi frå deg to kopiar av eigen nøkkel til ytterdøra di til heimebasert omsorg. slik  som tidlegare. Alle tilsette har kvar sin unike nøkkel, det betyr at kvar gong dei låser seg inn i ein bustad, blir det loggført kven som har låst seg inn og når. Din eigen bruk av låsen blir ikkje registrert.

Klage

Vedtaket kan du klage på jmf. Forvaltningslova §§ 28 og 29. Klaga vil bli behandla av same organet som fatta det opphavlege vedtaket.Klagefristen er 3 veker. Tiltakskontoret eller driftseininga kan gi nødvendig råd og rettleiing.

Kontakt

Therese Ulla Pleym
Rådgivar
E-post
Mobil 47 66 23 50
Astrid Engetrøen
Rådgivar
E-post
Mobil 95 71 02 52
Mette Midtbø
Spesialkonsulent
E-post
Mobil 95 71 02 53
Torunn Veddeng
Einingsleiar
E-post
Mobil 95 71 02 62