Korleis står det til med folkehelsa i Sula?

Grunnlaget for helsa vår er dei daglege rutinane i heim, skule, arbeid og fritid. I tillegg kjem strukturane for lokalmiljøa, med til dømes gang og sykkelvegar, gode møteplassar, samferdsel, helseteneste, idrettsanlegg, kulturaktivitetar, tilgang til friområde og friluftsliv.

Handlingsplan for folkehelse

Handlingsplan for folkehelsearbeidet 2023 i Sula kommune tar utgangspunkt i satsingsområda i regional delplan for folkehelse 2014-2017. Målsettinga med God helse-programmet i Sula kommune er:

Å styrke det førebyggande og helsefremmande arbeidet i kommunen, særlig mellom barn og ungdommar - der vi vil tilskunde til meir fysisk aktivitet, rett kosthald og sunne haldningar i forhold til å ta vare på si eiga helse.

Handlingsplan for folkehelsearbeidet 2023 (PDF, 349 kB)

Folkehelseprofil

Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunen i arbeidet med å få oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar denne. Helsa til eldre er temaet for folkehelseprofilen 2024, og indikatorar og figurar tar utgangspunkt i dette temaet.

Folkehelseprofilen for Sula for 2024. (PDF, 2 MB) (PDF, 2 MB)

Oppvekstprofil

Oppvekstprofilen viser nokre av styrkane og utfordringane til kommunen, og kan brukast i planarbeidet for barn og unge og deira oppvekstmiljø.
Indikatorane er valde med tanke på å fremje oppvekstmiljøet for barn og unge, og må tolkast i lys av annan kunnskap om lokale tilhøve. Tema for profilane i 2024 er kvifor vennskap og fellesskap med jamaldra er så viktig for barn og unge. 

Oppvekstprofil for Sula kommune 2024 (PDF, 2 MB) (PDF, 2 MB)

Oversikt over helsetilstand

Kommunen er i følge Folkehelselova pålagd å utarbeide ei skriftleg oversikt over helsetilstanden i kommunen, og faktorar som påvirker denne. Oversikta er basert på opplysningar frå stat og fylke, kunnskap frå dei kommunale helse- og omsorgstenestane, og kunnskap om faktorar og utviklingstrekk i miljø og samfunn som kan ha innverknad på befolkninga si helse. 

Innbyggarmedverknad

Sula Kommune har i samarbeid med ulike aktørar arrangert temakveldar/ dialogkafear/ messe der vi inviterer innbyggjarane til å kome med innspel om ulike tema for å skape engasjement og fremje folkehelsa i Sula. Nedanfor finn dykk ei nokre av samlingane:

Satsing i fylket

Satsinga på folkehelse i fylket skjer gjennom partnarskapsavtalar og samarbeid med kommunar, skular, frivillege organisasjonar og offentlege etatar. Målet er at flest mogeleg lever eit godt liv og meistrar sin eigen livssituasjon best mogeleg. Dette kan du lese meir om i Regional delplan for folkehelse. Gjennom God Helse-satsing i fylket blir det årleg utarbeidd ein God Helse-rapport (PDF, 8 MB) der ein samanfattar mykje av folkehelsearbeidet som skjer i Møre og Romsdal. Ei anna satsting er Levekårsundersøkinga. (PDF, 2 MB)

Kontakt

Renate Mia Love
Spesialfysioterapeut
E-post
Mobil 95 75 15 10