Tips til kva du kan gjere sjølv
God Helse Sula er namnet på Sula kommune si satsing på folkehelsearbeid. Vi ønsker å fremme helsa til innbyggarane i kommuna vår gjennom aktivt helsefremmande, førebyggande og inkluderande arbeid.
Klikk på lenkene under for å lese meir korleis du sjølv kan ta grep for å betre helsa di.
"Den som ikke setter av tid til egen aktivitet må før eller senere sette av tid til egen sykdom"
Fysisk aktivitet er ei kjelde til helse og trivsel. Sula kommune ønsker å førebygge og behandle helseproblem gjennom å stimulere befolkninga til auka fysisk aktivitet, bidra til betre tilrettelegging for fysisk aktivitet, og bidra til utvikling av lokale aktivitetstilbud for menneske som er lite fysisk aktive.
Informasjonsmateriell
”Jeg sitter her og lever, beruset i nuet, intet mer jeg krever”
Tidleg debut på tobakk og andre rusmiddel aukar risikoen for skadelege rusmiddelvanar. Rusproblem er den største årsaka til sosiale samfunnsproblem, som helgefyll og utrygge oppvekstmiljø. Det kan vere mange årsaker til at ein prøver tobakk og andre rusmiddel, men ein av dei viktigaste faktorane som førebygger skadelege rusmiddelvanar, er å trivast med seg sjølv og eige liv.
Fysisk aktivitet, kosthald og meistring er viktige faktorar som fremjer den psykiske helsa, og dermed førebygger skadelege rusmiddelvanar.
Vi har alle eit ansvar for å ta vare på oss sjølve og kvarandre, og å bidra til at einkvar får mulegheita til å bli akseptert og inkludert i eit positivt fellesskap. Tilhørigheit kan gjere oss sterke nok til å velge "positiv rus" som ein kan oppleve i f.eks. ein idrett-, musikk- eller naturoppleving.
Informasjonsmateriell
Gode sider på nett
”Din mat er din medisin”
Rett kosthald og fysisk aktivitet førebygger sjukdom. Vi kan førebygge ei rekke folkesjukdomar ved å ete meir grønnsaker, frukt og bær, poteter, meir grove kornvarer og fisk og bruke mindre hardt feitt, sukker og salt.
Saman med auka fysisk aktivitet vil ei slik omlegging av kosthaldet gi ein betydeleg risikoreduksjon for hjarte- og karsjukdommar, visse former for kreft, diabetes, tannråte, overvekt og fordøyelsesproblem. Eit godt kosthald er viktig for deg som vil ha ein sunn livsstil og ei god helse.
”Eg ser du har det vondt, men eg kan ikkje grina alle tårane for deg. Du må grina de sjøl, men eg vil grina med deg”
Livet går opp og ned for dei fleste. Kvardagen består av både gode og vonde opplevingar som får deg til å føle deg bra eller mindre bra.
Om du kjenner deg nedfor, mislykka, redd, sint eller har andre negative kjensler som dominerer kvardagen over tid, er det viktig å huske at det er mulig å snu dette. Det som er nyttig for éin person er ikkje alltid nyttig for ein annan. Helse handlar ikkje berrre om kropp, men også om tankar og kjensler.
Det er like viktig å ta vare på den psykiske helsa som det er å ta vare på kroppens fysiske helse. Dei høyrer jo i lag.
Informasjonmateriell
Gode sider på nett
Det fins omfattande dokumentasjon på at det eksisterer tydelege sosiale ulikheiter i helse i Norge. Dette gjeld uavhengig av om vi brukar utdanning, inntekt eller yrke som mål på sosioøkonomisk status, og helseforskjellane viser seg tydeleg på dei fleste aktuelle helsemål. Arbeidet mot sosial ulikheit i helse handlar om å bidra til at alle sosiale lag skal kunne oppnå same levealder og ha like god helse.
Gode sider på nett
"Å kysse en røyker er som å slikke et askebeger"
Omtrent halvparten av dei som røyker dagleg i mange år, døyr av sjukdommar som skuldast tobakken. I tillegg vert mange ramma av sjukdommar som fører til vesentlege helseplager og redusert livskvalitet. Dei viktigaste sjukdommane er kreftsjukdommar, luftvegssjukdommar og hjarte- og karsjukdommar. Ved å slutte å røyke kan du oppnå fleire gode leveår med mindre sjukdom og betra livskvalitet. Røykeslutt er gunstig uansett alder - men dess tidlegare du sluttar, dess større blir helsegevinstane.
Røyketelefonen 800 40 085
Gode sider på nett
Å sove godt gjer oss godt. Medan vi søv, får kroppen tid til å vedlikehalde immunforsvaret og gjenoppbygge vev og organ. Ei god natts søvn gir også hjernen verdifull kvile, gjer oss mindre irritable og meir opplagte.
Søvnvanskar er ein av dei vanlegaste helseplagene i befolkninga, om lag ein av tre vaksne slit med søvnen kvar veke. Er du ein av dei som slit med å få søve? Kanskje tipsa i brosjyren vi har lenka til under kan vere til hjelp.
Sov godt - gode råd for bedre søvn
Friskus er Sula kommune sin aktivitetsportal for deg, frivillege lag og organisasjonar, og andre arrangører i kommunen. I Friskus finn du oversikt over aktivitetar, arrangement og frivillege oppdrag. I aktivitetskalenderen finn du informasjon om tid og stad for kvar aktivitet, påmelding og anna nyttig informasjon. Du vil finne aktivitetar for barn, ungdom, familiar og senior - der er noko for alle. Søk og bruk filtera for å finne det som passer for deg, lykke til!
Friskus aktivitetskalendar
Treng du hjelp til å komme i gang?
Då kan kanskje Friskliv og meistring vere noko for deg. Friskliv er eit tilbod til deg som ønsker å få eit betre kosthald, bli meir fysisk aktiv, slutte med snus og røyk, eller bli sterkare psykisk. Det passar for deg som ønsker å endre levevanar, førebygge sjukdom og meistre helseutfordringar, og som treng litt hjelp til å kome i gang.
Du finn meir informasjon om Friskliv og meistring her.
Publisert av Kathrin Vågnes
Publisert 25.09.2023 09.29
Sist endra 12.06.2024 09.54