Du kan søke UDI om familieinnvandring om du har nær familie i Norge.
Familieinnvandring skil gjerne mellom familiegjenforeining og familieetablering. Familiegjenforeining gjeld dei som allereie har familie i Norge og ønsker å bli samla i Norge, medan familieetablering gjeld dei som ønsker å bli ein familie i Norge.
For å få eit familieinnvandringsløyve må alle krava i regelverket vere oppfylt. Det er ulike krav og reglar avhengig av kva type familiemedlem du søker med.
Dei som søker om familieinnvandring er vanlegvis ektefelle eller barn av ein som allereie bur i Norge. Andre døme er foreldre som har barn i Norge, dei som skal gifte seg med ein i Norge eller er heilsøsken. Søk om familieinnvandring her.
Personar frå land med høg førekomst av tuberkulose som skal vere over tre månader i Norge har plikt til tuberkuloseundersøking
Du vil bli innkalt til ein kartleggingssamtale på helsestasjonen og tilvist vidare ved behov. Du kan også ta direkte kontakt med helsestasjonen for timeavtale.
Publisert 10.07.2024 13.03
Sist endra 18.09.2024 09.44