Her finn du svar på nokre praktiske spørsmål som flyktningar ofte lure på.
- Du får innkalling til helsekartlegging etter busetting.
- Du kan bestille time til helseundersøking sjølv ved å kontakte helsestasjon/legekontor for flyktning.
- Andre kan også bestille time for deg, det kan vere familiemedlemmar, eller tilsette i kommunen.
- Om du har spørsmål kan du ringe helsestasjonen.
På helseundersøkinga som nybusett flyktning, får du:
- Ei helsekartlegging inkludert pliktig tuberkulosekartlegging
- Rettleiing ut frå behov
- Informasjon om helsetenester i Norge, fastlege, legevakt, tannlege, akuttnummer
- Informasjon om tema som kjønnslemlesting og vald
- Tilbod om smittvernprøver
- Tilbod om vaksinasjon
- Dersom du er barn, blir du undersøkt av helsestasjonslege
- Det blir tatt syns- og høyrselstest av alle barn
- Tilbod om heimebesøk for nybusette familiar
Helsesjukepleiar har kompetanse til å identifisere alvorlege psykiske helseproblem og gir hjelp til vidare utgreiing og behandling til dei som har behov.
Helsesjukepleiar samarbeider med andre som arbeider med flyktningar.
- Medisiner du brukar
- Tuberkulosekort og vaksinasjonskort
- Legitimasjon/ID
- Heile familien må møte opp til timen for helseundersøking
- Vi snakkar med deg om helsa di og bakgrunnen din
- Vi viser deg til sjukehuset for blodprøvar og røntgen
- Barna får time hos helsestasjonslegen for undersøking
- Vi viser deg vidare til lege dersom du treng det
- Vi hjelper deg med å velje fastlege dersom du ikkje har fått gjort det
- Vi fortel deg om helsesystemet i Norge
- Vi gir informasjon om kjønnslemlesting, vald og negativ sosial kontroll
Du vil bli kontakta dersom vidare undersøking er nødvendig. Viss du ikkje blir kontakta etter helseundersøkinga, så betyr det at blodprøvar og røntgenundersøkinga er utan funn.
- Du får kanskje tilbod om heimebesøk. På heimebesøk får de praktisk informasjon om mellom anna sikkerheit, påkledning, hygiene, kosthald.
- Du får time til vaksinasjon. Barna sine vaksinasjonar blir tilpassa det norske vaksinasjonsprogrammet, og vaksne og dei under 25 år får tilbod om MMR-vaksine og polio-vaksine.
- Du får ny oppfølgingstime ved behov.
- Barn og unge får forsterka oppfølging både på helsestasjon og i skolehelsetenesta etter behov. Vaksne får tilbod om oppfølgingssamtale med helsesjukepleiar eit halvt år etter busetting.
Helsesjukepleiar gir deg informasjon om prevensjon og rettleier deg slik at du får den prevensjonen du treng.
Helsesjukepleiar gir seksualundervisning for å styrke den seksuelle kompetanse din og din autonomi.
Ungdommar under 24 år kan oppsøke Helsestasjon for ungdom (HFU). Om du er behov for tolk kan det ver lurt å bestille time på førehand.
Publisert 10.07.2024 13.02
Sist endra 17.09.2024 11.01