TRYGG START for gravide og foreldre med barn 0 – 2 år
Trygg start er eit frivillig og gratis tilbod til familiar som kan ha nytte av tettare oppfølging i svangerskapet, og i spedbarns- og småbarnspeioden.
Trygg start-teamet består av jordmor og helsesjukepleiar. Vi samarbeider også med andre yrkesgrupper ved behov, til dømes fastlege og psykolog. Gjennom Trygg start kan gravide og barselkvinner få samtalar med psykiatrisk sjukepleiar.
Kva tilbyr vi?
Familien og vi som jobbar i Trygg start-teamet, kan starte kontakta medan mor er gravid eller innan barnet er 2 år. Du som er gravid vil få tett oppfølging av jordmor i svangerskapet og ved behov vidare.
Helsesjukepleiar følger opp med jamnlege heimebesøk frå barnet er fødd.
Småbarn som er flytta til Sula kommune, får også tilbodet.
Alle familiar er ulike og har ulike behov. Vi tilpassar oppfølginga til kvar familie og har fokus på å samarbeide med foreldre slik at de får tryggleik til å meistre foreldrerolla.
Tilbodet kan gjelde fram til barnet fyller to år, og kan avsluttast før om familien ønskjer det.
Kven kan få tilbodet?
Gravide og familiar med sped- og småbarn (0-2 år) som har behov for støtte og rettleiing i omsorg og samspel med barnet.
Ein eller fleire av følgande faktorar/tema vil vere relevante
- Utfordring knytt til eige helse, psykisk og fysisk
- Unge og/eller einslege foreldre
- Rusmisbruk
- Nytilflytta med språklege og/eller sosiale utfordringar som kan påverke foreldrerolla.
- Barn med nedsett funksjonsnivå
Slik tar du kontakt
- Du kan sjølv ta kontakt med oss på telefon 70 19 91 36.
- Du kan også ta direkte kontakt med tilsette i Trygg start teamet.
Du finn kontaktinformasjon nedanfor.
- Fastlege, familie og anna nettverk kan også ta kontakt med oss.