Kven kan få tilbodet?
Du kan søke om parkeringsløyve for forflytningshemma hvis du har:
- Legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å gå, over lengre avstandar.
- Du må kunne dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid, eller regelmessig medisinsk behandling
Korleis søke?
Fyll ut søknadsskjema.
Skjemaet skal skrivast ut, og leverast eller sendast innbyggartorget på rådhuset i Sula kommune, der kan du også få hjelp til å fylle ut søknadskjemaet.
I tillegg til søknadsskjemaet skal du legge ved
Om du ikkje har passfoto, kan vi ta bilde i innbyggartorget. Det kostar 200,00 kroner for 6 bilder.
Søknadsfrist
Søknadane blir behandla fortløpande.
Pris
Kortet er gratis
Kva skjer vidare?
Normal behandlingstid er inntil 2 veker, men kan vere lenger i samband med høgtider og feriar.
Klage
Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil.
Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg.
Tapt/mista kort
Om du mister kortet må du melde frå, og levere ny søknad.
Fyll ut søknadsskjema.
Fritak frå bompengar
Dei som får parkeringsløyve for forflytningshemma med gyldigheit på minst to år kan søke om fritak for bompengar.
Søknaden skal innehalde:
- namn
- e-postadresse/telefonnummer
- registreringsnummer på bilen
- brikkenummer
- kopi av for og bakside på HC-kortet
- stadfesting på at bilen har gyldig AutoPASS-avtale (kopi av avtale eller stadfesting frå selskapet du har avtale med). Dersom du ikkje har AutoPASS-avtale frå før må du skaffe det før du kan søke om fritak.
Parkeringsløyvet (Hc-kortet) og AutoPASS-avtalen må stå i samme namn. Om innehavar av parkeringsløyvet er under 18 år skal AutoPASS-avtalen vere registrert på ein føresett.
Søknaden skal sendast til:
Lover og reglar