Kva tilbyr vi?
TT-kortet blir brukt som betalingsmiddel i drosje. Beløpet blir tildelt etter faste satsar, og blir vurdert opp mot ditt behov. TT-kortet skal kun brukast til lokale fritidsreiser, ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekt av folketrygda, les meir på pasientreiser.no
Transporttenesta for funksjonshemma er elektronisk. Brukarkortet er knytt opp mot ein personleg reisekonto, og for å betale ei reise nyttar ein kortet på same måte som eit bankkort.
Kven kan få tilbodet?
Transporttenesta er meint å vere eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming, og som ikkje utan vesentlige vanskar kan bruke kollektive transportmidler.
Korleis få tilbodet?
Kva kostar tilbodet?
Det blir innført eigenandel på 40 kroner per reise frå 1. januar 2024 . TT-kortet kan ikkje brukast til å dekke eigenandelen.
Kva skjer vidare?
Du får tilsendt eit kort i posten som kan brukast for utført transport med drosje eller spesialbil.Beløpet på kortet vert fylt opp to gongar i året, 1.januar og 1.juli. Saldo på kortet vert nullstilt ved årsskiftet før påfyll 1.januar.
I tilfelle der ein over tid ser at brukar ikkje nyttar tilbodet om transportteneste, kan tenesta verte avslutta.
Korleis bestille tur?
Du kan bestille tur med Turbilane AS. Dei har tilhald i Langevåg og kan nåast på telefon 90 90 80 90 eller e-post: post@turbilane.no
Turbilane AS har bilar tilrettelagt for rullestol. Dei har personbil, 12-seter og 16-seter som dei brukar til transporttenesta.
Sjekke saldo på kortet
For å sjekke saldo på kortet, kan kvar brukar anten gå inn på www.rtt.no/tt og legge inn brukarnummeret sitt, sende SMS med brukarnummer til 404 66 000, eller ringe 51 90 90 01 som er bemanna heile døgnet.
Ein kan også ta direkte kontakt med Rogaland taxi som driftar ordninga for Møre og Romsdal fylkeskommune på tlf. 90 90 0751 , alle virkedagar 07.00 - 15.00.
Meir informsjon