Krisehjelp/psykososialt kriseteam
Psykososialt kriseteam bistår ved større hendingar der det normale hjelpeapparatet ikkje strekk til, bistanden er kortvarig. Psykososialt kriseteam er ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette frå ulike arbeidsplasser i kommunen.
Kven kan få tilbodet?
Kriseteamet blir normalt varsla og aktivert av lege/brann/politietat/prest/rådmann/ordførar når det skjer større hendingar med behov for psykososial oppfølging. Hjelpa blir i første omgang konsentrert rundt næraste familie og omgangskrets.
Teamet skal ikkje erstatte, men bistå det normale hjelpeapparatet når dette ikkje strekk til. Kriseteamet bidrar i akuttfasen av ei krise.
Korleis få tilbodet?
Har du behov for oppfølging etter ei hending skal du i utgangspunktet bruke det vanlege hjelpeapparatet som for eksempel fastlegen din. Legekontoret vil eventuelt tilvise til kriseteamet, eller ta kontakt med teamet om der ikkje er kapasitet til oppfølging.
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kva skjer vidare?
Når kriseteamet vert kalla ut eller får varsla behov, tek dei kontakt så snart dei kan. Teamet samarbeider tett med andre instansar i akuttfasen.
Publisert 14.06.2018 10.40
Sist endra 23.01.2025 10.13