Er du bekymra for nokon med eit rusproblem?

Om du er bekymra for at nokon utsett si fysiske og/eller psykiske helse for fare ved omfattande og vedvarende  rusmisbruk, kan du sende skriftleg bekymringsmelding til Psykisk helse og rus i Sula kommune. 

Ruskonsulentane er på jobb på dagtid. Om du vurderer situasjonen til å vere akutt, og den skjer på ei tid der ruskonsulentane ikkje er tilgjengeleg, må du ta kontakt med legevakt og/eller politi, ring 113. 

Skjema for bekymringsmelding om rusmisbruk

Kva skjer etter at du har sendt inn bekymringsmelding?

Om vi vurderer at det er nødvendig å gjere undersøkingar for å kartlegge om det er grunnlag for å sette i verk tiltak, vil det bli oppretta sak. 

Om du er  pårørande  i samsvar med pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 bokstav b, skal du få ei tilbakemelding frå oss når saka er ferdig utgreid.

Lover og reglar

Helse og omsorgstenestelova kapittel 10

Kontakt

Ruskonsulentane
Telefon 41 38 75 41
Mobil 97 02 63 20
Silje Johannessen Standal
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 70 19 78 27
Mobil 90 68 72 49