Kommunepsykolog for vaksne

Kommunepsykologtenesta for vaksne er ein del av Psykisk helse og rus (PHR)

 Kva tilbyr vi?

Kommunepsykologen sin arbeidsoppgåver er delt i tre område

  • Klinisk arbeid (individuell terapi, men ikkje utgreiing)
  • Rettleiing (enkeltvis eller i grupper)
  • Deltaking i utviklingsarbeid, plan- og systemarbeid

 Dei tre områda har lik prioritet. 

Kven kan få tilbodet?

Følgande personar er prioriterte for samtaleoppfølging/-terapi hos kommunepsykologen 

  • alder mellom 18-35
  • personar som står i fare for å falle ut av skulegang eller arbeid
  • i tilfelle der tidleg innsats er særleg hensiktsmessig.

Rettleiing og deltaking i utviklingsarbeid, plan- og systemarbeid blir vurdert etter eigen intern saksgang.

Korleis få tilbodet?

Søknad om psykologhjelp kan sendast inn av fastlege, spesialisthelsetenesta og andre hjelpeinstansar,  den som ønsker psykologhjelp kan også sende inn søknaden sjølv.  Fyll ut skjema i lenken under. Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Det er inntaksteamet i psykisk helse og rus som avgjer kven som skal få psykologhjelp, og kven som skal få oppfølging av anna kvalifisert helspersonell. Søknadane blir behandla fortløpande. Du skal få eit førebels svar seinast  3 veker etter innsendt søknad, der vil du få ei orientering om når du kan forvente endeleg svar. 

Klage

Klagefristen er 3 veker etter endeleg vedtak er gjort. Informasjon om korleis du klagar finn du i vedtaket.

Kontakt

Silje Johannessen Standal
Avdelingsleiar
E-post
Mobil 90 68 72 49