Oppfølging og psykisk helsehjelp for vaksne

Avdelinga Psykisk helse og rus gir helsehjelp til vaksne som har psykiske helseutfordringar, rusmiddelvanskar, eller slit med spelavhengigheit.  

Kva tilbyr vi?

 Tilbodet du får er individuelt tilpassa og avhengig av dine behov. Det kan vere:

  • kartlegging av hjelpebehov 
  • terapeutiske samtalar med fokus på auka eigenmestring
  • hjelp til å lage struktur i kvardagen og finne meiningsfulle aktivitetar
  • individuell plan, ansvarsgruppe og hjelp til å finne riktige tenester
  • samarbeid med pårørande og/eller ulike instansar,  til dømes fastlege og spesialisthelsetenesta 
  • sosial trening på ulike arenaer 
  • hjelp til administrasjon av medisin

Kven kan få tilbodet?

Vi er tilgjengelege for vaksne over 18 år med behov for oppfølging knytt til psykiske helseutfordringar, rusmiddelvanskar eller spelavhengigheit. 

Korleis få tilbodet?

Fyll ut skjema i lenken under.  Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk  og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.

Tilbod frå tenesta blir gitt etter henvisning frå til dømes fastlege, sjukehus, poliklinikk, ambulante team, NAV, helsestasjon, kriseteam og liknande. Ein kan sjølv søke teneste på skjema, eller ved å ta direkte kontakt på telefon.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. 

Kva skjer vidare?

Søknader vert behandla fortløpande når dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottatt førebels svar frå kommunen med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Klagefristen er 3 veker etter endeleg vedtak er gjort. Informasjon om retten til å klage finn du i vedtaket.

Lover og reglar

Tenesta gis etter Helse og omsorgstjenesteloven og blir tilpassa den enkelte tenestemottakar ut i frå ei fagleg vurdering, og i samråd med tenestemottakaren. 

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m  

Kontakt

Silje Johannessen Standal
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 70 19 78 27
Mobil 90 68 72 49

Adresse

Fyllingvegen 11, 3. etasje

6030 Langevåg