Pakkeforløp psykisk helse og rus
Helsedirektoratet har innført begrepet "pakkeforløp", med trinnvis innføring frå 1. januar 2019.
Pakkeforløp skal sikre samhandling mellom brukar, eventuelt pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante samarbeidspartar.
I samband med henvising til psykisk helse og rus vil henviser informere spesialisthelsetenesta om kven som er din kontaktperson i kommunen, ved behov vil du få tilbod om kommunal forløpskoordinator.
Forløpskoordinatoren vil vere ein viktig kontaktperson for deg og eventuelt dine pårørande. Forløpskoordinatoren kan svare på spørsmål og gi informasjon om kva som skal skje undervegs i eit forløp.
I Sula kommune er det Koordinerande eining (KE) som skal utnemne forløpskoordinator, og ha oversikt over alle som har fått tildelt forløpskoordinator.
Pakkeforløpet startar i kommunen, når henvising blir sendt. Spesialisthelsetenesta vurderer henvisinga.
Dersom pasienten ikkje får innvilga rett til helsehjelp, blir pakkeforløpet avslutta.
Det er fastlege, kommunepsykolog, psykisk helseteam, NAV og barnevern som kan henvise.
Pakkeforløp skal gi deg som brukar eller pårørande eit behandlingsløp som er heilskapleg og forutsigbart, utan unødig ventetid.
Du skal få meir innverknad på behandlinga, og behandlinga skal bli evaluert systematisk undervegs.
Forløpa skal også sikre likeverdig tilbod til deg som brukar og pårørande uavhengig av kor i landet du bur.
Kommunen skal sikre nødvendig oppfølging både før, under og etter pakkeforløpet.
For personar som allereie har ein koordinator/fagperson med tett relasjon i kommunen, er det naturleg at denne blir forløpskoordinator.
Oppgåver for forløpskoordinator i kommunen:
- informere, rettleie og gi råd til brukar og/eller føresette om pakkeforløp psykisk helse og rus
- sikre heilskapleg oppfølging med utgangspunkt i brukar og/eller føresette sine mål, ressursar og behov
- sikre god samhandling mellom aktørane i helsetenesta, andre relevante tenesteytarar
- sikre samordning av tenestetilbodet
- initiere, innkalle og eventuelt leie møte knytt til koordinering og evt. individuell plan
- følgje opp, evaluere og oppdatere eventuell individuell plan
- forbetre og koordinere aktuelle tiltak/tilbod i kommunen i god tid før utskriving, mellom planlagde opphald og under poliklinisk behandling.
Publisert 24.10.2019 15.47
Sist endra 10.10.2024 11.43