Rådgivande eining for russaker

Stortinget har vedtatt at det frå 1. juli 2022 skal etablerast rådgivande einingar for russaker i kommunane.  Sula er rådgivande eining for russaker lagt til Psykisk helse og rus.

Kva er rådgjevande eining for russaker?

Eininga tek imot personar som er ilagt oppmøteplikt frå politiet som følge av avdekka overtredelse av forbod mot bruk, erverv og innhav av narkotika til eige bruk.

Dei som er ilagt oppmøteplikt får innkalling og det blir gjennomført eit møte der vedkomande vil få tilpassa råd, rettleiing og informasjon.  Etter samtykke får vedkomande også tilbod om kartlegging av mogleg tenestebehov.  

Eininga skal så henvise vedkomande  til rett instans for vidare hjelp, behandling eller anna oppfølging.  

Om ein ikkje møter til avtale, har kommunane heimel til å ilegge eit administrativt gebyr for manglende oppfylling av møteplikt.

Hvis påtalemyndigheita har sett rustesting som vilkår, skal eininga samarbeide med helsetenesta om dette.

Lover og reglar

Kontakt

Silje Johannessen Standal
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 70 19 78 27
Mobil 90 68 72 49

Adresse

Fyllingvegen 11, 3. etasje

6030 Langevåg