Pårørande til personar med psykiske helseutfordringar, rus- eller speleavhengighet kan få tilbod om rettleiing, informasjon og individuelle samtalar.
Kva kan du få hjelp til som pårørande?
- Få større grad av forståing av eigen situasjon, og oppleving av å meistre kvardagen din.
- Få informasjon om behandling, lokale hjelpetiltak, sjølvhjelp, pårørande- og brukarorganisasjonar
- Få rettleiing og informasjon om sjølvhjelpsgrupper og andre tilbod om du ønsker det
Korleis få tilbodet?
Du kan ta kontakt med Psykisk helse og rus direkte på telefon.
Lover og reglar
Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m
Sist endra 15.10.2024 11.54