Kommunal vigselLytt til tekstenStopp avspillingKven kan gifte seg i Sula kommune?Sula kommune tilbyr vigsel til alle som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Norge. For å inngå ekteskap i Norge må ein ha ein prøvingsattest frå folkeregisteret. Søknad om prøvingsattest har vanlegvis ei behandlingstid på 2-3 veker. Prøvingattesten er gyldig i fire månader.Når kan de gifte dykk?Kvardagar i ordinær opningstid for rådhuset (08:00-15:30), etter avtale.Ettermiddag/kveld og helgedagar- etter førespurnad og så langt kapasitet og praktiske omsyn tillèt det.Kvar kan de gifte dykk?Kommunen stiller følgjande lokaliteter tilgjengeleg:Ordføraren sitt kontorFormannskapssalenMøterom på Molværsvegen 17Etter førespurnad kan vigselen også gjennomførast på andre stadar. Vigselspersonane vurderer sjølv kapasitet og dei praktiske tilhøva i kvart einskild tilfelle. Kva kostar det?TenesteGebyr 2024MerknadI ordinær opningstid rådhuset (08.00 – 15.30) og i kommunalt lokale:eigne innbyggjarar og personar som ikkje er busette i Noreg, men som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap her:innbyggjarar frå andre kommunar:0,- 1.746,- ¤pr. vigsel. Kommunen kan stille med vitner.Utanom ordinær opningstid og i kommunale lokale, kvardagar:2.253,- ¤ pr. vigsel.Utanom ordinær opningstid og i kommunale lokale, helg.2.929,- ¤pr. vigsel.Ved vigsel utanfor kommunale lokale, ved ev. særskilt tidsbruk for vigselsperson. 1.690,- pr. time.Tilleggspris ved evt. gjennomføring av vigsel på særskilt lokasjon.¤ Gebyret dekkjer førebuing, gjennomføring og etterarbeid av vigselen, og dessutan kommunalt lokale inkl. vaktmeister, oppvarming m.v.Avtale tidspunkt for vigselBestill tidspunkt her.Spørsmål og svar Vilkår for vigsel – erklæring og attestar Før vigselen skal skatteetaten stadfeste at brudefolket fyller vilkåra for å inngå ekteskap. Ta omsyn til at behandlingstida er 2-3 veker, og berre er gyldige i 4 månadar. Følgande skjema må fyllast ut og sendast inn til skatteetaten: Eigenerklæringar Forlovarerklæringar Erklæring om skifte dersom du har vore gift tidlegare Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn Alle skjema, med rettleiing finn du hos Skatteetaten. Skatteetaten/folkeregisteret skriv ut ein såkalla prøvingsattest. Attesten er ei stadfesting om at de fyller vilkåra for å inngå ekteskap, og gjeld i 4 månadar. Etter de har mottatt prøvingsattesten kan de kontakte kommunen for endeleg avtale om tidspunkt for vigsel. Attesten skal sendast til Sula kommune v/formannskapssekretæren eller leverast på rådhuset seinast to veker før vigselen. Om de har spørsmål knytt til prøving av ekteskapsvilkåra må de ta kontakt med det regionale skattekontoret. Språk Sula kommune tilbyr vigsel på norsk eller engelsk. For andre språk må brudeparet sjølve sørge for tolk. Kven kan vigsle i Sula kommune? Vigselsmyndet er personleg, og følgjande er oppnemnt som vigslarar i Sula kommune:Ordførar Turid Kristin Sand Humlen (H)Varaordførar Bendik Valseth Havnegjerde (Frp) Kommunedirektør Bente Glomset VikhagenOm de har ønske om ein særskilt vigselsperson må dykk gi beskjed så tidleg som mogleg. Korleis blir seremonien gjennomført Før seremonienBrudepar, forlovarar / vitne og gjestar må møte opp seinast 10 minutt før vigselen.Når de kjem inn hovudinngangen vil de møte på vår digitale «kommunevert» (stor digital skjerm) på høgre side. Her kan de registrere at de har avtale med kommunen. Søk opp namnet på kommunal kontaktperson. Deretter kan de registrere dykk med mobilnummer og namn, så får vedkomande ein SMS og vil kome ned og hente dykk.Brudepar må legitimere seg med gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort e.l.) dersom de ikkje allereie har levert det.Har de spesielle ønske i samband med vigselen, som f.eks. påsetting av ringar, eller opplesing av eit dikt, så kan vi gjere avtale om det i forkant.Under seremonienSeremonien varer i om lag 15 minutt. Sjølve vigselen består i at vigslaren les opp eit ferdig fastesett vigselsformular for borgarleg vigsel. Til slutt i seremonien underteiknar brudeparet, vitna og vigslaren vigselsboka. Etter seremonienKommunen sender vigselsmelding til folkeregisteret innan tre dagar etter vigselen. Kopi av denne melding vert også sendt brudeparet, og denne fungerer som førebels vigselsattest. Brudeparet vil motta endeleg vigselsattest frå folkeregisteret i posten. Tekst i vigselsformularet Teksten blir lest opp under vigselen: Kjære brurepar, - Namnet på brureparet - De er komne hit i dag for å bli vigde til ektepar. Eg vil minna dykk om kor stor og viktig ei hending det er at to menneske vel å leva saman i ekteskap. Når de går inn i ekteskapet, lovar de kvarandre samhald og støtte i alle livsens tilhøve, både i medgang og i motgang. Men de lovar kvarandre meir: Ekteskapet ber i seg at de lovar kvarandre kjærleik og truskap. Det å lova kvarandre kjærleik for resten av livet er den vanskelegaste lovnaden vi kan gje eit menneske. Det krev at de set dykk høge mål for samlivet, og at de har ærleg vilje i dag og i tida som ligg framfor dykk, til å strekkja dykk mot desse måla. Det er denne lovnaden de gjev kvarandre her i dag. Når de gifter dykk, blir de ei eining, men de kjem framleis til å vera to sjølvstendige og jamstelte menneske. Det er ingen motsetnad mellom kjærleik og samhald på den eine sida, og fridom og sjølvstende på den andre. Kjærleik er og å syna vørdnad for kvarandre. Det er ein rett eg har - men samstundes ei plikt som ligg på meg etter lova - at eg no skal leggja dykk to alvorleg på hjarta at de skal leva etter den lovnaden som de gjev kvarandre her. Og no: (vigslaren vender seg til kvinna i det heterofile paret eller den yngste personen i det homofile eller i det lesbiske paret) spør eg deg fyrst, (det fulle namnet på kvinna eller den yngste personen): Vil du ha (det fulle namnet på mannen eller den eldste personen i det homofile paret eller i det lesbiske paret), som står ved sida di, til ektemake? (Når kvinna eller den yngste personen i det homofile eller lesbiske paret har svara ja, seier vigslaren til mannen eller den eldste personen i det homofile eller det lesbiske paret): Så spør eg deg, (det fulle namnet på mannen eller den eldste personen i det homofile eller det lesbiske paret): Vil du ha (det fulle namnet på kvinna eller den yngste personen i det homofile eller det lesbiske paret), som står ved sida di, til ektemake? Når mannen eller den eldste personen i det homofile eller det lesbiske paret har svara ja, seier vigslaren: Sidan de no med vitne til stades har lova kvarandre å leva saman i ekteskap, sannar eg at de er rette ektefolk. --- Etter at vigselboka er underskriven og ekteparet har fått vigselattesten, ynskjer vigslaren dei til lykke.