Sula-soga

Sula-soga er samletittelen på bygdebokverket for Sula kommune.

Verket er utgitt av Stiftelsen Sula-soga, der Sula kommune og Sula Sogelag er deltakarar. Arbeidet vart starta i 1996 og avslutta 2009.

Busetnadssoge

Band 1-6 består av ei busetnadssoge som innheld historisk stoff om alle bustadane i kommunen (gardar, plassar og nyare bustadhus) og særleg folket som har budd der. Dette er ein del av det som tradisjonelt har vore kalla "gards og ættesoge". Serien består av 6 bøker

  • Band 1 Kvasnes - Bjørkavåg
  • Band 2 Furneset - Tranvågen
  • Band 3 Fiskarstranda - Holsfeta
  • Band 4 Vågneset - Fyllingen
  • Band 5 Stadsneset - Kalvestad
  • Band 6 Register

"Med blikk for Sula"

I tillegg er det gitt ut eit band som heiter "Med blikk for Sula. Fotograf Fylling ("Høle-Knut") - eit fotografarkiv, og ei kultursoge" Bakgrunnen for dette bandet var at Sula-soga fekk ein avtale med eigarane av Fylling-arkivet om bruk av bilde som illustrasjonsmatriale av verket.

Her får du kjøpt bøkene

Bøkene er til sals i innbyggartorget på rådhuset.

Pris

  • Band 1 - 6 kostar kroner 173,00 pr bok, om du kjøper alle seks bøkene samla er prisen kroner 823,00.
  • "Med blikk for Sula" kostar kroner 123,00.

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss