For å styrkje kulturarbeidet i Sula kommune set kommunen annakvart år av midlar på kulturbudsjettet til kulturstipend.
Sula kommune avgjer kor mykje som skal brukast til stipend, og kor stort kvart stipend skal vere. Kommunen avgjer også om stipendet skal delast ut.
Kven kan få stipend?
Stipend blir gitt etter søknad til person(ar) som er aktive innan kultur (t.d. kunst, kultur, musikk, idrett og sport) i eller i tilknyting til kommunen.
Stipendet er først og fremst tenkt som eit tilskot i samband med utdanning eller perfeksjonering, eller til å dekkje utgifter i samband med særskilt arbeid innan sitt kulturområde.
Ved vurdering av søknaden skal kommunen særleg legge vekt på at søkaren har ein klar plan for bruken av stipendmidlane, om stipendet kan gjere det lettare å realisere planen, og om tiltaket det blir søkt om stipend til vil kunne gi ei utvikling av søkaren.
Korleis søkje?
Kulturstipend blir normalt tildelt anna kvart år (oddetalsår)
Til søknadsskjema
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. november (oddetalsår), men søknader etter den tid kan også bli vurderte dersom det er spesielle grunnar til at det ikkje blir søkt innan fristen.
Dersom du får stipend
Du blir invitert til overrekking av diplom og stipend.
Du skal gi rapport om kva stipendmidlane har gått til, og kva tiltaket har fått å seie for deg og di utvikling.
Sula kommune kan ved eige initiativ gi stipend for å stimulere kulturarbeidarar, sjølv om slik ikkje står som søkar. Vilkåret er i så fall at stipendmottakaren vil gjere seg nytte av midlane innafor desse retningslinene.
Klage
Det er ikkje klagerett etter forvaltningslova.
Andre opplysningar:
Retningsliner for kulturstipend i Sula kommune vart første gang vedtekne av hovudutvalet for kultur i møte 12.2.1987 ku-sak 018/87, reviderte i knm-sak 046/97, kultur- og oppvekstutvalet ko-sak 07/912 og kultur- nærings og miljøutvalet, knm-sak 004/09 og K-sak 055/14.