Kva tilbyr vi?
Sula kommune tilbyr tilskot for å fremme aktiviteten i frivillige lag og organisasjonar og støtte kulturtiltak i regi av enkeltpersonar og frivillige organisasjonar.
Kven kan søke?
Sula kommune tildeler tilskot berre etter søknad. Søkarane kan vere einskildpersonar, frivillige lag eller organisasjonar.
Organisasjonar skal vere demokratisk oppbygd og opne for alle. Kommersielle tiltak/arrangement blir ikkje prioritert ved tildeling av tilskot frå kulturmidlane.
Interkommunale organisasjonar utan lokallag i Sula blir normalt ikkje tildelt tilskot.
Ver merksam på at retningslinjer og føresetnadar kan variere frå den eine tilskotsordning til den andre.
Generelle føresetnadar for å få tildelt tilskot:
- organisasjonane aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis.
- laget/organisasjonen/foreininga har ein aktiv profil på sula.friskus.com .
Det skal følgje med rekneskap, årsmelding og organisasjonen sine retningsliner/vedtekter saman med søknad. Søknader utan slike vedlegg blir ikkje handsama.
Søknadsfrist og søknadsskjema finn du ved å gå inn på den enkelte tilskotsordning under.
Kven kan søke?
- Lag og organisasjonar
- Andre private aktørar
Formål og prioritering
- Etablering eller rehabilitering av anlegg som fremmer kultur- og idrettslivet på Sula
- Prosjekt og tiltak innan kulturlivet (t.d. konsert, festival, jubileum).
Nyskapande prosjekt, eller prosjekt som set Sula på dagsorden, vil bli prioritert.
Kommersielle aktørar blir ikkje tildelt tilskot.
Føresetnad
- Det er ei føresetnad at det er levert godkjent søknad om statlege spelemidlar ved etablering eller rehabilitering av idretts- og nærmiljøanlegg.
- Det blir ikkje tildelt tilskot til dagleg drift eller vedlikehald.
- Alle organisasjonar og andre aktørar som mottar tilskot på over kr 50 000, må rapportere på mottatt tilskot. Tidsfrist er 3 mnd etter gjennomført prosjekt. Tilskot til kultur- og idrettsformål - rapporteringsskjema
Det er ein føresetnad at rapport og rekneskap er sendt inn for å kunne søkje seinare år. - Konsekvens ved misleghald er at ein ikkje kan søke på tre år. Dersom føresetnaden/behovet for å søke fell bort, skal midlane betalast tilbake.
Vedtatt av Fagutvalet for kultur og folkehelse, sak-013/22, 9. mars 2022.
- organisasjonane aksepterer ordninga med følgebevis/ledsagarbevis
- laget/organisasjonen har ein aktiv profil på sula.friskus.com
Slik søker du
Søknadsskjema for tilskot til kultur- og idrettsformål
Søknadsfrist
1. mai
Merk! Dersom nødvendige vedlegg ikkje er sendt innan fristen, er søknaden ufullstendig og blir ikkje vurdert for tildeling.
Kven kan søke?
►Lokale frivillige lag og organisasjonar kan søkje midlar til lokale arrangement og tiltak retta mot barn og unge
►Samarbeidstiltak mellom lag og organisasjonar
►Spesielle tiltak/arrangement framfor generell drift
►Tiltak som er i samsvar med MOT sine retningsliner
►Organiasjonar som jobbar med barn/unge, driv målretta arbeid med integrering av personar med funksjonsnedsetting og flyktningar /innvandrarar.
Det blir ikkje tildelt midlar til:
►premiering
►reise og opphald på ulike arrangement .
►dekning av underskot i etterkant av arrangement
Føresetnadar for å få tildelt tilskot:
- organisasjonane aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis.
- laget/organisasjonen/foreininga har ein aktiv profil på sula.friskus.com .
Slik søker du
Til søknadsskjema
Søknadsfrist
15. september
Merk! Dersom vedlegg ikkje blir lagt ved/tilsendt innan fristen 15. september, så er søknaden ufullstendig og kjem ikkje med i vurderinga for tildeling.
Retningsliner er revidert i fagutvalet for kultur og folkehelse, 27.4.2016, KUF-vedtak 015/16
- Kulturbygg drive og eigd av private og frivillige organisasjonar kan søkje tilskot. Kulturbygg med aktivitet retta mot barn og unge og utan betydeleg grad offentleg tilskot har førsteprioritet.
- Tilskotet skal gå til nødvendig vedlikehald og til permanente innreiingar som bidrar til aktivitet (t.d. scenerigg, lydanlegg).
Det vert ikkje ytt tilskot til ordinær drift (lån/avdrag, husleige, reinhald, vaktmeisterteneste, etc.)
- Tilskotet skal gå til bygg som er ope for all lovleg kultur- og organisasjonsverksemd. Vedtekter for bygget/organisasjonen skal følgje søknaden.
- Søknaden skal innehalde informasjon om byggeår, disponibelt areal, samt aktivitetar som føregår i bygget, tal på brukarar, alderssamansetning og gi eit anslag på kor mykje bygget er i bruk.
- Søknaden skal innehalde opplysningar om totalkostnad på vedlikehald/innreiing. Søkjar skal også legge fram oversikt over finansiering og dugnadsinnsats for å kunne fullføre prosjektet.
- Melding om ferdigstilling skal rapporterast til kulturkontoret, innan 15. september påfølgjande år.
- Søknadsfrist er 15. september kvart år i tilsegnsperioden.
Vedtatt av Kultur-, nærings- og miljøutvalet, sak-015/12 19.april 2012
Føresetnadar for å få tildelt tilskot:
- organisasjonane aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis.
- laget/organisasjonen/foreininga har ein aktiv profil på sula.friskus.com .
Slik søker du
Til søknadsskjema
Ved tildeling av tilskot skal opparbeiding av leikeplassen normalt vere påbegynt.
1. Søknad om kommunalt tilskot til leikeplassar skal skrivast på eige (elektronisk) skjema, og med dei vedlegg som er nemnde i skjemaet.
2. Søknad skal sendast inn av leiar i organisasjonen/laget.
3. Anlegg som får kommunalt tilskot skal vere open for almen bruk. Eigar kan lage nærare reglar for bruk av anlegget.
4. Søkjar har ansvar for at grunneigar har gjeve samtykke til bruka av grunnen til føremålet, og leigeavtale skal føreligge.
For leikeplass på kommunal grunn skal det føreligge avtale mellom kommunen og drivar av leikeplassen.
5. Anlegget skal fullførast i samsvar med søknaden.
6. Søkjar har ansvar for å innhente naudsynt byggjeløyve.
7. Ein førutset at leikeplassen og apparatene blir oppført i samsvar med gjeldande føreskrift om sikkerheit ved leikeplassar.
Retningsliner vart sist revidert i fagutvalet for kultur og folkehelse 8.3.17, KUF-vedtak 013/17.
Føresetnadar for å få tildelt tilskot:
Søknadsfrist er 1. mai
Til søknadsskjema
Nyttige lenker:
Tilskotsordninga for nærmiljø- og friluftsliv prioriterer søknadar som fyller følgjande kriterie:
1. Styrker og stimulerer til (nye) aktivitetar/tiltak knytt til friluftsliv og nærmiljø for barn og unge
2. Samarbeidar med andre private, og frivillige lag og organisasjonar om prosjekt/tiltak
3. Organiasjonar som jobbar med barn/unge, driv målretta arbeid med integrering av personar med funksjonsnedsetting og flyktningar /innvandrarar.
4. Utvikling/vedlikehald av nærmiljøanlegg (ikkje leikeplassar). Det er ein førutsetnad at anlegget er ope for almen fysisk og idrettsleg aktivitet. Det blir ikkje gitt tilskot til nye eller planlagde anlegg som er spelemiddelberettiga eller anlegg som skal rehabiliterast og er spelemiddelberettiga.
5. Søkjar må legge ved naudsynt byggjeløyve
Tilskotsordninga gjeld ikkje:
►personleg utstyr
►leige av lokaler
►arrangement.
Søknadar må innehalde beskriving av aktivitet, kostnadsoverslag og finansieringsplan. Ein førutset at prosjektet også kan realiserast utan kommunalt tilskot.
Føresetnadar for å få tildelt tilskot:
- organisasjonane aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis.
- laget/organisasjonen/foreininga har ein aktiv profil på sula.friskus.com .
Søknadsfrist 1. mai
Vedtatt i fagutvalet for kultur og folkehelse 1.6.2016, KUF-vedtak 015/16.
Til søknadsskjema
17. mai tilskot blir fordelt etter søknad frå arrangørar for krinsen.
Midlane blir fordelt slik:
Grunnbeløpet skal utgjere 25 % av totalt tilskot, 75 % blir fordelt etter tal på elevar i krinsane.
Korleis søke?
Til søknadsskjema
Søknadsfrist
2. april
Kven blir prioritert?
►Lag og organisasjonar med aktivitetar og prosjekt retta mot lokale maritime formål, t.d. ivaretaking av kystkultur, sjøbruk, museal verksemd, formidling eller opplæring innan formålet
►Utvikling/etablering av lag og organisasjonar med maritim verksemd som formål
►Søknadar som involverer funksjonshemma og barn og unge
►Kommersielle tiltak/prosjekt blir ikkje støtta
Føresetnadar for å få tildelt tilskot:
- organisasjonane aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis.
- laget/organisasjonen/foreininga har ein aktiv profil på sula.friskus.com .
Korleis søke?
Til søknadsskjema
Søknadsfrist
1. mars