Kva tilbyr vi?
Fritidsklubb med kiosk, film, musikk og ulike aktivitetar frå september til mai. Ope i haust- og vinterferie.
Måndag:
kl. 16.00 - 19.00 JuniorDonken for 7. klassingar. Sosialt og ulike aktivitetar.
kl. 19.00 - 22.00 UngVaksen 16 - 25 år. Sosialt, ulike aktvitetar og diverse kurs.
Onsdag:
kl. 14.30 - 22.00 Ungdomsklubb 13 - 18 år. Lekser, felles middag (gratis) og ulike aktivitetar.
Fritidsklubben driv kafè på UKM og LAN-party, og arrangerer rusfritt julebord for medlemmane.
Klubben og utekontakten samarbeidar årleg om alternativ feiring av 16. mai.
Av og til drar vi i større eller mindre grupper på t.d. bowling, kino, teater og sommartur.
Korleis få tilbodet?
Du kan møte opp på klubben, eller ta kontakt med Tone eller Camilla, som du finn i kontaktfeltet under.
Kva kostar det?
Det er gratis inngang på Donken.
Open kiosk med salg.