Rådet har 9 faste representantar og består av ungdom frå 13 til 20 år frå forskjellige miljø i kommunen. Ungdomsrådet skal vere eit talerøyr for ungdom i Sula.
Rådet har møte- og talerett i kommunestyret, men ikkje stemmerett.
Ungdomsrådet engasjerer seg i rusfrie arrangement som konsertar, discotek, dataparty og alternative feiringar på 16. mai og natt til 1.mai.Ungdomsrådet samarbeider mellom anna med utekontakt, fritidsklubb og andre etatar.
Ungdomsrådet er aktive medspelarar i MOT, og er med på mange store arrangement i samarbeid med MOT.
Komande møte i ungdomsrådet
Medlemmar
Publisert 31.01.2018 14.32
Sist endra 28.10.2024 15.32